Hopp til innhold

Ferievikar i Miljøarbeidartenesta 2026

Arbeidsgiver

Helse- og velferd, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar i Miljøarbeidartenesta 2026
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du ute etter ein aktiv og variert sommarjobb? Vi ser etter deg som har erfaring frå arbeid innan helse og miljøarbeid, eller lurer på om dette er noko for deg. Kanskje er du sjukepleiar eller vernepleiar og kunne tenkt deg å prøve ut arbeid i døgn / medleverturnus?

Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til 65 brukarar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne, utviklingsforstyrrelsar eller psykiske lidingar. Vi har 93 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman med mål om å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Vi har primært turnus med langvakter på over 12,5 t. Eigne nattevakter. Turnus etter medleverprinsippet for sjukepleiar og vernepleiar.   

Avdeling 1 (Solsikka, Åsavegen og Furubu): Solsikka tilbyr avlastning til barn og ungdom. Avdeling Åsavegen og Furubu yter tenester til personar med utviklinghemming, utviklingsforstyrrelsar og psykisk liding i eigne heimar.

Avdeling 2 (Utsikten, Myklebusttunet og Nordåsen): Avdeling Utsikten er tilrettelagt for eldre med utviklingshemming og har eige dagaktivitetstilbod. Avdeling Nordåsen og Myklebusttunet yter tenester til menneske med utviklingshemming i eigne heimar. 

Avdeling 3 (Åsateigen og Kvitveisen): I avdeling Åsateigen tilbyr ein teneste til vaksne med utviklingshemming og nedsatt funksjonsevne i eigen heim. I avdeling Kvitveisen tilbyr kommunen avlastning for barn med nedsatt funksjonsevne i kommunal avlastningsleilegheit og i privat heim.

Har du spørsmål til turnus eller stillingane? Ikkje nøl med å ta kontakt. 

Vurdering av søknadane og tilsetting vil bli gjort fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidararar og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe frå veke 27 til 32 vert prioritert. Som ferievikar vil du få kr 6.000 i bonus dersom du arbeider seks veker samanhengande i perioden veke 26 - 33.

Arbeidsoppgåvene er varierte og består mellom anna av: 

  • Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
  • Utføre oppgåver innan miljøarbeid, pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse

Kvalifikasjonar

    • Vi søkjer etter arbeidstakarar over 18 år eller som fyller 18 år i 2026.
    • Du må kunne ta ansvar, jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.
    • For tilsetting i miljøarbeidartenetsa krevst det førarkort for bil på fleire av avdelingane. 

    Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad.

    Vi tilbyr

    • Informasjonsmøte / fagdag for alle ferievikarar før oppstart
    • Elektroniske kurs som sikrar den grunleggande kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine
    • Opplæring og oppfølging på arbeidsstaden
    • Moglegheit for vidare arbeid som tilkallingsvikar
    • Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
    • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.  

     #sommarjobb #sommarjobbivest

    Kontaktinformasjon

    Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, avd. 1, 47875932
    Mari Helen Kornberg, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, avd. 2, 479 90 914
    Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, avd. 3, 479 93 050
    Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, 911 39 159

    Arbeidsstad

    Grandavegen 9
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5045974716
    Stillingsprosent: 100%
    Sommarjobb
    Startdato: 22.06.2026
    Sluttdato: 16.08.2026
    Søknadsfrist: 15.02.2026

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    38649031-e10a-46ba-a1b0-ffac1a02d363

    Sist endret

    16. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    20bd90ddc9294020a8f91f767d3c1d11

    Lignende annonser

    Ferievikarar sommaren 2026 - Helse og omsorg

    Arbeidsgiver

    HELSE OG OMSORG, Stad kommune

    Sted

    Selje, Stadlandet, Nordfjordeid