Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar/Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Vil du jobbe i ein av Europas mest moderne intensivavdelingar?

Intensiv SNR har ledig 1 fast stilling (100%) som intensivsjukepleiar, og 2 midlertidige vikariat (100%), oppstartdato etter avtale.

Som intensivsjukepleiar på intensiv SNR blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Hjå oss står fagutvikling, opplæring og inkludering høgt på agendaen. Vi har eit sterkt og støttande arbeidsmiljø prega av humor og felleskap. 

Sjukehus Nordmøre og Romsdal er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske, gynekologiske/føde-pasientar og barnemedisin og -habilitering. Vi er også eit traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har fokus på simulering. 

Du kan også kome innom for å sjå om dette kan vere noko for deg! Her jobber ein veldig triveleg og fin gjeng med dyktige fagfolk, og vi håper å få nye flinke kollegaer! 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram!  (intensiv_snr_hmr) 

Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til akutt kritisk syke pasienter 
  • Sjukepleie til postoperative pasientar, både barn og vaksne. Innen fagfeltene gastro, urologi, ortopedi, ØNH, gynekologi og øye
  • Sjukepleie til intensiv- og overvåkningspasientar innen fagfelta kirurgi, medisin, nevrologi og gyn/føde
  • Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er del av hjertestans- teamet ved sjukehuset

Kvalifikasjonar

  • Autorisert intensivsjukepleiar. Kandidatar med tilsvarande spesialisering kan være aktuelle alt etter erfaring (anestesi/akutt) 
  • Autorisert sjukepleiar oppfordrast også til å søkje på stillinga

Personlege eigenskapar

  • Du har ei positiv haldning og interessert i intensivfaget og pasientane som treng slik behandling
  • Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert
  • Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Kjetil Skjærset, Seksjonsleder, +47 99236475

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5061190321
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Kjetil Skjærset

Seksjonsleder

+47 99236475

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9b948503-7f67-44ea-aa6c-b0c47c5ef2b2

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b29a8ac807f142dfb9b9812e2599ad97

Lignende annonser

Laster lignende annonser