Hopp til innhold

Sjukepleiar/pleieassistent

Arbeidsgiver

Intensiv SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/pleieassistent
Oppstart
8. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 5. mars

Vil du bli vår kollega i sommar? Vi brukte også pleieassistentar i fjor sommer, og sit igjen med gode erfaringer frå det!

Intensiv SNR, Hjelset har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, studentar innan sjukepleie, helse- og sosialfag og medisin. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter. Det er behov f.o.m veke 24 t.o.m veke 34.

 Som intensivsjukepleiar på intensiv SNR blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Hjå oss står fagutvikling, opplæring og inkludering høgt på agendaen. Vi er eit sterkt og støttande arbeidsmiljø prega av humor og felleskap. 
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske, gynekologiske/føde-pasientar og barnemedisin og -habilitering. Vi er også eit traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har fokus på simulering. 

Dersom du er nysgjerrig på kva vi kan tilby, må du gjerne ta kontakt. Her jobber ein veldig triveleg og fin gjeng med dyktige fagfolk, og vi håper å få nye flinke kollegaer! 
Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram!  (intensiv_snr_hmr) 

Tilsetjing vil skje fortløpande. I søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. .

Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad

Kvalifikasjonar

  • Du behersker norsk skriftleg og munnleg
  • Helsefagleg utdanning/bakgrunn
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

  • Du har ei positiv haldning og interessert i intensivfaget og pasientane som treng slik behandling
  • Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert
  • Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Kjetil Skjærset, Seksjonsleder, +47 99236475

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5083436231
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 08.06.2026
Sluttdato: 30.08.2026
Søknadsfrist: 05.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Kjetil Skjærset

Seksjonsleder

+47 99236475

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

 

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

37938e5c-84b4-4821-af83-22463e765fb7

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b69c064201294031a74e74d70f1b0079

Lignende annonser