Miljøarbeidar i TTF
Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Tøddekroken 1, 3870 Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar i TTF
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
TTF er bustadar som ivaretek brukarar med nedsett funksjon av ulik grad. Det er både fastbuande brukarar og avlastningstilbod. Vi ynskjer oss ein miljøarbeidar som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, initiativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi skal spele kvarandre gode!
Stillinga er eit ledd i å styrke tenesta og vil samarbeide tett med fagansvarleg vernepleiar og andre faggrupper som jobbar i tenesta og på tvers med andre tenester som helse og skule. Stillinga som no blir lyst ut vil jobbe med fleire brukarar.
Arbeidsoppgåver
Oppfylging av brukarar i ulik alder med fokus på tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn.
- Erfaring frå og interesse for arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer søkarar som er gode på relasjonsbygging og som har stor forståing for viktigheita av det i arbeid med brukarar.
- Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver.
- Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
- Turnus med langvakter og komprimerte friperiodar.
- Løn etter avtale.
- Hjelp til å skaffe bustad.
Kontaktinformasjon
Anne Veum, Kommunalsjef , +47 95177421, anne.veum@fyresdal.kommune.noArbeidssted
Tøddekroken 13870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5104770522
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9b6a5b56-1fbc-4002-93f5-d33724291807
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
22df51781acf490c95825a9d69904fb4