Barnehagelærar fast
Fyresdal barnehage, Fyresdal kommune
Fyresdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Fyresdal barnehage søker barnehagelærar i 100 % fast stilling frå 01.08.2026.
Vi søker ein engasjert barnehagelærar som brenn for barns utvikling, leik og læring. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, der vi saman jobbar for å gi barna dei beste moglegheitene for læring og trivsel.
Frå hausten 2026 vil barnehagen delta i eit utviklingsprosjekt i samarbeid med SNU-senteret, med fokus på å fremje ein hjernevennleg oppvekst for barna.
Vi ynskjer oss ein barnehagelærar som har fokus på fag, er løysningsorientert, og som likar å jobbe i eit fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa
- Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald
- Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar
- Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig sosialfagleg utdanning
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eventuelt minimum bestått norskprøve B2
- Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientert
- Gode evner til å arbeide i team for barnets beste
Personlege eigenskapar
- Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Evne til å bidra med å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
- Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Ved tilsetting vil det bli det stilt krav om politiattest
- Teieplikt
- Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting
- Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert
Kontaktinformasjon
Janine Braemer, Barnehagestyrar, +47 47636172Arbeidssted
Landstadvegen30 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5111861718
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Janine Braemer
Barnehagestyrar
+47 47636172
Om bedriften
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dab0f2ff-e0ea-4ec4-a58e-8040b1604267
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
318ad8df4746473ab13579d05868d139