Hopp til innhold

Kulturskulen er ein spennande og kreativ arbeidsplass.

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Kultur og læring

Sted

Sjøperlo, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Danselærar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 3. august

Vindafjord kultuskule har ledig vikariat som danselærar i 40% for neste skuleår.  Kulturskulen er ei avdeling i eining Kultur- og læring held til i kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen. Me gjer merksam på at det blir lyst ut tilsvarande stilling i Tysvær kulturskule og Haugesund kulturskule. Skulane vil gjerne leggja til rette for at dei tre stillingane kan kombinerast.

Kva får du jobba med hos oss?
  • Undervisning i dans for elevar i ulike aldersgrupper.
  • Medverka til kollegialt samarbeid.
  • Planleggja og gjennomføra førestellingar.
  • Koreografera dansar tilpassa elevgruppene.
  • Kontakt med elevar og føresette.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Allsidig kompetanse i dansefaget.
  • Evne til å tilpassa undervisningsopplegg til ulike grupper og stilartar.
  • Kreativitet og evne til å insiprera andre.
  • Dyktig til å kommunisera og å skapa kontakt med barn og unge.
  • God klasseleiing.
  • Norsk som undervisningsspråk.
Det er ønskjeleg at du har: 
  • Høgskuleutdanning i dansefaget.
  • Førarkort klasse B.
  • Pedagogisk kompetanse.
  • Erfaring frå ulike stilartar innan dans.

Me legg stor vekt på personlege eignaheit. I tillegg til å ha gode samarbeidsevne og vera ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet, ser me etter deg som har desse eigenskapane: 

  • Sjølvstendig
  • Ansvarsfull
  • Kreativ og inspirerandne og glad i å skapa.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Før tilsetting må du leggje fram godkjent politiattest.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ane Kesia Eide Fatland

Einingsleiar Kultur og læring

+47 48099251

ane.kesia.fatland@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9b3d147e-913a-4c8a-8b89-36034d2d0334

Sist endret

3. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3637701_229873_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser