Hopp til innhold

Vi har ledig stilling hos Heimetenester Eikelandsosen

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Sted

Leitet 28, 5640 Eikelandsosen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Heimehjelp/pleieassistent - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du vere med og gjere kvardagen lettare for menneske som treng praktisk hjelp i heimen? 

Vi har ledig 100 % stilling som heimehjelp og pleieassistent hos Heimetenester Eikelandsosen. Stillinga er i turnus med arbeid 3. kvar helg og er ledig frå snarast.

Arbeidsstad
Heimetenester Eikelandsosen

Arbeidsoppgåver
Du vil bidra til at brukarar kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. 
Arbeidet som heimehjelp består av praktisk bistand som reingjering og klesvask. Du jobbar sjølvstendig, men er ein del av eit større team med god støtte og opplæring.

  • Utføre praktisk bistand etter vedtak
  • Pleie og omsorgsoppgåver
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar, og prosedyrer blir fulgt
  • Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
  • Rapportering og samarbeid med kollegaer og leiar
  • Bidra til godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
  • Fordel med erfaring frå reinhaldsoppgåver
  • Helsefagleg erfaring, interesse og/eller tilsvarande praksis
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Bestått Norskkurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden.
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • God fysisk form og evne til å arbeide sjølvstendig 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar
  • Bidra til godt arbeidsmiljø
  • Påliteleg og ansvarsbevisst
  • Omsorgsfull og serviceinnstilt
  • Strukturert og fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9a4f50af-7e61-4a11-b89d-80700f444f64

Sist endret

23. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3581193_196061_nn

Lignende annonser