Hopp til innhold

Dagleg Leiar Lindås Idrettslag

Arbeidsgiver

Lindås Idrettslag

Sted

Veråsvegen 9, 5955 LINDÅS, 5955 Lindås

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Daglig leder
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100% og deltid 88%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

Send søknad til

leiar@lindasil.no
Dagleg leiar -- Lindås Idrettslag

Lindås Idrettslag (LIL) søkjer ein engasjert, strukturert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å styrkje og vidareutvikle laget som ein sentral møteplass i lokalsamfunnet.

LIL er eit fleiridrettslag med om lag 850 medlemmar fordelt på ni idrettar: fotball, handball, trim, tur, turn, discgolf, idrettsskule, volleyball og klatring. Dei ulike gruppene har eigne gruppestyrer med ansvar for aktivitetane. Klubben er inne i ei spennande utviklingsfase, med fokus på både sportsleg og organisatorisk vekst.

Lindås Idrettslag er ein frivillig, medlemsbasert organisasjon driven i tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund. Vår visjon er: <<aktivitet med rom og hjarte for heile bygda>>

Stillinga er ei toårig prosjektstilling i inntil 100% stillingsprosent, med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektperioden.

🔧 Arbeidsoppgåver

Som dagleg leiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta av idrettslaget, og skal vere ein pådrivar for vidare utvikling av organisasjonen.

  • Leie klubb- og organisasjonsutvikling

  • Økonomiansvar

  • Iverksetje vedtak frå styret

  • Vere kontaktpunkt mot kommune, krets, forbund og samarbeidspartnarar

  • Leie marknads- og sponsorarbeid, samt søkje tilskot og støttemidlar

  • Sikre god dagleg drift og administrasjon

  • Koordinere samarbeidet mellom styret, trenarar og frivillige

  • Vidareutvikle aktivitetstilbod og arrangement

  • Ansvar for medlemsregister og kommunikasjon

👤****Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere)

  • Erfaring frå leiing, administrasjon eller breiddeidrett

  • God forståing for økonomistyring

  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

  • Gyldig politiattest er eit krav

💡 Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein leiar som evnar å skape engasjement og få ting til å skje:

  • Engasjert, initiativrik og løysingsorientert

  • Dyktig relasjons- og nettverksbyggjar

  • Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne

  • Serviceinnstilt og tilgjengeleg for medlemmar og grupper

  • Kommersiell forståing og evne til å skape verdi gjennom samarbeid

🎯****Vi tilbyr
  • Ei sentral rolle i eit idrettslag i utvikling

  • Moglegheit til å påverke aktivitetstilbod og organisasjon

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

  • Fleksibel arbeidstid (noko kvelds- og helgearbeid må påreknast)

  • Deltaking på relevante kurs og samlingar

  • Løn etter avtale, med mogleg bonusordning

  • Pensjonsordning

  • Gode kontor og møte lokaler

📩****Spørsmål om stillinga

Ta kontakt med:

  • Henrik Lindås, styreleiar

  • 📞 97 60 40 92

  • 📧 leiar@lindasil.no

  • Søknadsfrist: 01.06.26

  • Intervjuer blir gjort fortløpende

Kontaktperson for stillingen

Henrik Lindås

Styreleiar

97604092

leiar@lindasil.no

Om bedriften

LIL er eit fleiridrettslag med om lag 850 medlemmar fordelt på ni idrettar: fotball, handball, trim, tur, turn, discgolf, idrettsskule, volleyball og klatring. Dei ulike gruppene har eigne gruppestyrer med ansvar for aktivitetane. Klubben er inne i ei spennande utviklingsfase, med fokus på både sportsleg og organisatorisk vekst.

Lindås Idrettslag er ein frivillig, medlemsbasert organisasjon driven i tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund. Vår visjon er: <<aktivitet med rom og hjarte for heile bygda>>

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

99b59e71-e026-4fd0-8e34-bceb7874d229

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

99b59e71-e026-4fd0-8e34-bceb7874d229

Lignende annonser

Laster lignende annonser