Hopp til innhold

Lærar

Arbeidsgiver

Orre skule, Klepp kommune

Sted

Roslandsvegen 366, 4343 Orre

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
 Orre skule har for fyrste gong på lang tid ei ledig 100 % fast lærarstilling.

Vi søkjer deg som har godkjend lærarutdanning (allmennlærar, GLU 1–7 eller GLU 5–10), og som ønskjer å vere med og vidareutvikle ein skule med svært godt arbeidsmiljø, imøtekomande elevar og samarbeidsorienterte foreldre. Søkjarar med anna relevant utdanning kan òg vere aktuelle. Stillinga er i utgangspunktet knytt til mellomtrinnet, men småtrinnet kan òg vere mogleg. Oppstart frå februar, eventuelt august 2026. Tiltreding etter avtale med aktuell kandidat.

Om skulen
Orre skule er ein barneskule på Pollestad, 4 km frå Bryne sentrum. Dette skuleåret har vi 132 elevar fordelt på sju klassar. Skulen ligg landleg til, med kort veg til naturområde og flotte strender. Vi har ein stor og variert skulegard med leikepark, ballbinger, skatepark og pumptrack. Deler av skulebygget blei nyleg renovert, og vi har fått fleire nye klasserom og ein moderne skaparverkstad med sløydavdeling.
Vår skulekultur

Vi er ein PALS-skule der positiv samhandling og eit støttande læringsmiljø står sentralt. Både elevar og vaksne jobbar kvar månad mot konkrete mål, som til dømes å helse, smile og seie «god morgon». Dette bidreg til ein god skulekultur kjenneteikna av høg trivsel og eit varmt fellesskap. Mange besøkande fortel at det er godt å kome til Orre skule – og det er vi stolte av.
Pedagogisk plattform og satsingsområde

I vår pedagogiske plattform står sosial kompetanse, grunnleggande ferdigheiter og aktiv bruk av nærmiljøet sterkt. Skulen følgjer Klepp kommune sine satsingar og strategiar fram mot 2028, og har i tillegg eigne lokale mål. Eit av dei viktigaste er å utvikle eit sterkt profesjonsfellesskap som skal bidra til at resultata våre innan lesing, rekning og engelsk ligg over både kommunalt og nasjonalt snitt.
I skaparverkstaden og klasseromma ønskjer vi å foreine praktisk arbeid og utforsking med kritisk tenking og undring.
Skule–heim-samarbeid og elevmedverknad

Vi har ei engasjert foreldregruppe og eit velfungerande FAU og SU. Eit godt samarbeid mellom skule og heim er nøkkelen til ein trygg og utviklande skulekvardag for elevane våre. Elevrådet er svært aktivt og står bak fleire flotte tiltak, mellom anna det årlege arrangementet «Orre-talentar».
Arbeidsmiljø og trivsel

Alle elevar og tilsette brukar læringsbrett i det daglege arbeidet. Skulen har lågt sjukefråvær over tid, noko vi trur heng tett saman med god oppfølging frå leiinga, sterk kollegastøtte og høg grad av trivsel.

Vi gler oss til å sjå namnet ditt på søkjarlista – og til å ønske deg velkomen som ein del av eit allereie godt arbeidsmiljø.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere kontaktlærar og ta ansvar for den daglege oppfølginga av elevane
  • Vidareutvikle gode læringsmiljø for alle elevar
  • Bidra aktivt i profesjonsfellesskapet, både fagleg og sosialt
  • Drive solid begynneropplæring i samarbeid med leiinga og andre tilsette
  • Sikre god og tydeleg samhandling mellom skule og heim

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning. Ønskjeleg med GLU 1–7 eller GLU 5–10, men andre søkjarar vil òg bli vurdert.
  • Undervisningserfaring frå 1.–7. trinn
  • Kyndig i munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • Ønskjeleg med kompetanse i engelsk, musikk eller kunst og handverk, men andre fag kan òg vere aktuelle
  • Før tiltreding må godkjend politiattest og tuberkulinprøve leggast fram
  • Legg ved attester og vitnemål 

Personlege eigenskapar

  • Dyktig i klasseleiing, tydeleg og varm
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Evne og motivasjon til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • Inkluderande elevsyn, med fokus på auka læringsutbytte for kvar einskild elev og gruppe
  • Strukturert og målretta arbeid
  • Positiv, fleksibel, nysgjerrig og open for nytenking
  • Godt humør og ansvarskjensle for trivsel rundt deg
  • Sjølvstendig med høg arbeidskapasitet
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Lærarstilling i 100 % fast stilling
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og positive kollegaer
  • Eit elevmiljø prega av ro, glede og smil
  • Samarbeidsvillige foreldre som ønskjer å støtte skulen

Gode velferdsordningar, pensjon og forsikring gjennom Klepp kommune
Tilsetting skjer på vilkår og med plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Løn etter lokal lønnspolitikk

Visjonen vår er "Med blikk for alle" Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Kenth Magne Asebo-Trodal, rektor, +47 90790216

Arbeidsstad

Roslandsvegen 366
4343 Orre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5043672076
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2025

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

99a2071f-1a74-43e8-99ca-4079cd02eb30

Sist endret

16. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

b9a3415eb70b420c878568f9b14a7207

Lignende annonser

Laster lignende annonser