Hopp til innhold

Miljøterapeut vikariat - Meltunet

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Sophus Lie-vegen 9, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

Om stillinga og arbeidsstaden

Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, har ledig 3 vikariat som miljøterapeut, med vakter på dag/kveld samt helg. Vi har behov for å dekke ulike vakansar. Vikariata er på 50 - 100  %, og er i turnus. Beskriv i søknaden kva for ein stillingsstorleik du søkar.

I noverande turnus har vi 3 ansatte på dagtid, 4 ansatte på kveld og to vakne nattevakter. Ansatte som jobber dag/kveld turnus har arbeidshelg kvar 4. helg. 

Vikariata er ledig pr no, og strekker seg til august 2027 - med moglegheit for forlenging. 

Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Vi tek imot barn og unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Bregnetunet tar i mot på § 6-1 og 6-2.  

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm.  

Ta ein titt på heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter https://www.bufdir.no/barnevern/finn institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/  

Stillingane som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevist omsorg, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar. Dei deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Dei vert oppmoda om å delta i fagmøter og rettleiing. Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane. 

Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsammensetninga oppfordres menn til å søkje.


Arbeidsoppgåver

Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi har fokus på å gje ungdomane ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Vi ynskjer å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode relasjonar og regulere tankar og følelser i retninger som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv. 

Hjå oss jobbar ein for å motivera og engasjera ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.  

  • Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga, deriblant gardsdrifta. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjon.
  • Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.

Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både oss sjølv som ansatte og overfor ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skule og helse (BUP)


Kva bakgrunn har du?

  • Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkare med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning. 
  • Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast.
  • For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/ arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.  
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.  
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 
  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid.  
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til bruk av dyr i arbeid med barn og unge.  
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.  
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.  
  • Krav om førarkort for personbil.

Kven er du:

Det er ønskeleg med:
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/ eller barne- og ungdomspsykiatri. 
  • Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.  
  • Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.  
  • Kjennskap til Traumebevisst omsorg. 
Personlege eigenskapar: 
  • Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdomar på rømmen, tvangssituasjonar og andre fysisk og psykiske krevanjande oppgåver.  
  • Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar. 
  • Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer. 
  • Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting. 
  • Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar.  
  • Du tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne følelsar hindrer ungdomens utvikling.  
  • Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien.  
  • Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring.  
  • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
  • Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.  
  • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.

Vi tilbyr:

  • Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus. 
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.   
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr. 540 000 – 690 000 pr. år.  
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 690 000 pr. år. 
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000 pr. år, 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.  
  •  Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Vi kan og tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv. 

Dessutan kan vi tilby:  

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. 
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet. 
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden. 
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge. 
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

 

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Kontaktperson for stillingen

Miriam Hoddevik

Avdelingsleder

+47 466 18 831

miriam.hoddevik@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

996db210-c213-43c0-a3a8-4e90bd1a710b

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293633

Lignende annonser

Laster lignende annonser