Miljøterapeut vikariat - Bregnetunet
Bufetat
Sophus Lie-vegen 9, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. mai
Om stillinga og arbeidsstaden
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet, har ledig 3 vikariat som miljøterapeut, med vakter på dag/kveld samt helg. Vikariata er mellom 50 - 100 %, og er i turnus. Beskriv i søknaden kva stillingsstorleik du er interessert i.
I noverande turnus har vi 5 tilsette på dagtid, 5 tilsette på kveld og to vakne + ein kvilande nattevakt. Tilsette som jobbar dag/kveld turnus har arbeidshelg kvar 4. helg. Turnus kan bli endra.
Vikariata er ledig frå no og har ulik lengde fram til og med august 2027 - med moglegheit for forlenging.
Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Vi tek imot barn og unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Bregnetunet tar i mot på § 6-1 og 6-2.
Bregnetunet ligg sentralt plassert i Sunnfjord kommune, der det er kort veg til eit stort utvalg av fritidstilbod. Aktivitetstilbod er ein viktig del av den miljøterapeutiske kvardagen i oppfølginga av ungdommar som bur hjå oss.
Sogn og Fjordane ungdomssenter skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi har fokus på å gje ungdomane ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Vi ynskjer å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode relasjonar og regulere seg i retning som styrkar sjølvkjensle og bidrar til å ta gode valg for seg sjølv.
Vi er stolte av vårt viktige samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både oss sjølv som ansatte og overfor ungdomen.
Vi har som mål å styrkje ungdom si evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar, samt utvikle ferdigheiter i sjølvregulering som fremjar god sjølvkjensle og legg til rette for gode val oss jobbar ein for å motivera og engasjera ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
Som miljøterapeut har du ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevist omsorg, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Det innebærer sjølvstendig arbeid og i team med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar.
Du kan lese meir om oss på heimesida : Sogn og Fjordane ungdomssenter | Bufdir
Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsammensetninga oppfordrar vi menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Du deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane.
- Du deltar i fagmøter og rettleiing.
- Du utfører praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
- Du utfører rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing.
- Du deltar i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjon.
- Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.
- Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, politiet, kriminalomsorg, konfliktrådet, skule og helse (BUP).
Kva bakgrunn har du?
- Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkare med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykologi eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
- Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast.
- For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/ arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
- Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid.
- God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Krav om førarkort for personbil.
Kven er du:
Det er ønskeleg med:- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/ eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
- Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdomar på rømmen, tvangssituasjonar og andre fysisk og psykiske krevanjande oppgåver.
- Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar.
- Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer.
- Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting.
- Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar.
- Du tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne kjensler hindrar utvikling for ungdommen.
- Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du tar ansvar har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
Vi tilbyr:
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Du vil få rettleiing og jobbe saman med støttande kollegaer i ein meiningsfull kvardag, med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Hos oss får du vere med på å vidareutvikle tilbodet til barn, unge og familiar – eit arbeid vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Løn - og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring:- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr. 540 000 – 690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 580 000 – 690 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000 pr. år, 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e2e3048-ee0a-46ba-b235-5d00d7d364cc
- Sist endret
13. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10295969