Helsefagarbeidar natt – ei nøkkelrolle i miljøterapien
Allmennpsykiatrisk post Karmøy - Haugaland DPS
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Vil du jobbe på døgnpost i Helse Fonna – og vere ein viktig del av miljøterapien gjennom natta?
På allmennpsykiatrisk post Karmøy ved Haugaland DPS har vi no ledig 2 faste stillingar (hovudsakleg natt). Posten er i ei utvikling frå brukerstyrte senger til allmennpsykiatrisk døgnpost – og vi treng deg som likar å skape ro, tryggleik og struktur når det er minst folk på jobb, men mykje som kan skje.
Hos oss møter du vaksne pasientar i planlagde forløp – mellom anna med affektive lidingar, angst, spiseforstyrringar og traumer. Me har 8 sengeplassar, og du jobbar alltid natt saman med sjukepleiar.
Vil du ta ein prat før du søkjer? Ta gjerne kontakt med funksjonsleiaren vår Eivind Andresen.
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg.Kva går jobben ut på?
Som helsefagarbeidar hos oss vil du mellom anna:
- Vere ein aktiv del av miljøterapien og bidra til tryggleik, struktur og god døgnrytme.
- Samarbeide tett med sjukepleiar på natt og resten av det tverrfaglege laget på dag/kveld.
- Delta i tverrfagleg samarbeid og ha kontakt med aktuelle eksterne instansar ved behov.
- Samarbeide tett med sjukepleiar på natt og resten av det tverrfaglege laget på dag/kveld.
- Bidra i ei avdeling i utvikling – der vi koplar pasientar på intensive behandlingsløp på tvers av poliklinikk og døgn (mellom anna planlagt intensiv behandling for PTSD og etablert 4-dagars team for sosial angst).
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Grunnleggande IKT-kunnskaper
Relevant videreutdanning er ønskelig. Relevant erfaring kan kompensere for manglende videreutdanning.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom samarbeid og ei positiv, løysingsretta innstilling
- held roen og jobbar stødig når arbeidsflyten til tider blir travel
- kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- møter pasientane med omsorg, forståing og respekt – og set gode grenser når det trengst
Personlige egenskaper vil bli vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit tverrfagleg miljø med helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, psykiatriske sjukepleiarar, vernepleiarar – i tillegg til psykologspesialist og overlege.
- Ei tydeleg rolle i miljøterapien – og moglegheit til å vere med og forme ein post i utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eivind Andresen, Funksjonsleiar psykologspesialist, +47 96014560, eivind.andresen@helse-fonna.noArbeidsstad
Asaldalvegen 14250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5063574155
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2026
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9925e1cf-6d63-4f78-9944-cd64e54bfe45
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e24c8adaeb7a427787fe1f6c535a889f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bemanningssenter, fast ansatte, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Sentrum behandlingssenter, avd. korttid og rehabilitering
Sted
Haugesund
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Dagtilbud Tilrettelagte tjenester
Sted
Haugesund
Helsefagarbeider, 100% fast
Arbeidsgiver
Tysvær kommune Arbeid og Habilitering
Sted
Aksdal