Spesialkonsulent/konsulent arkiv og dokumentasjonsforvaltning
Kommunedirektøren sin stab, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Spesialkonsulent/konsulent arkiv og dokumentasjonsforvaltning
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spannande stilling i hjartet av kommunen, innan arkiv og dokumentsjonsforvaltning.
Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet arkiv og dokumentasjonsforvaltning, og blir fagleg leia av arkivsjef. Samla vil det vere tre som arbeidar innan fagfeltet.
Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling der vi både dokumenterer vår historie, men må også vere budd på framtida med den stadige utviklinga innan fagfeltet. Vi eig og forvaltar dokumentasjon både fysisk og digitalt. I tillegg driftar vi arkiv for Nordre sunnmøre landbruksskontor som er eit vertskommunesamarbeid.
Stillinga vil omfavne alle sider ved forvaltninga, men ordning av fysisk arkiv, digitalisering og utviklingsarbeid er i fokus. I Haram skal dette skape meirverdi og gje gevinst.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Daglege arkivfaglege driftsoppgåver som postlister, fysisk og digital postfordeling, samt journalføring, registrering og kvalitetssikring
- Brukarstøtte og opplæring av tilsette i sak- og arkivløysinga
- Bidra til utarbeiding av rettleiingar og vedlikehald av arkivfaglege rutiner
- Identifisere forbetringsområder og vere ein aktiv bidragsytar inn i eit kontinuerlig utviklingsarbeid
- Ordninga av fysisk arkiv
Andre arbeidsoppgåver kan kome til.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå, særleg relevant yrkeserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Arbeidserfaring innanfor administrative fagfelt
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Erfaring frå digitalt arkivarbeid og bruk av saks- og arkivsystem
- Erfaring frå brukarstøtte innan dokumentforvaltning og arkiv
- God kunnskap om relevant lovverk som er knytta til offentleg saksbehandling og elektronisk dokumentbehandling
Det er krav om politiattest etter politiregisterforskrifta §34-9
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og relasjonsbygging
- Du er grundig og nøyaktig og rask til å tilegne deg ny kompetanse
- Du er serviceinnstilt og har god gjennomføringsevne
- Du er løysingsorientert og kan stå i endringar
Personleg egnethet vektleggast.
Vi tilbyr
* Utfordrande oppgåver i ein organisasjon i utvikling, med stort potensial og kompetente kollegaer
* Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasislitetar på tenestehuset i Brattvåg
* Løn etter tariff. Pensjonsordning gjennom KLP og gode forsikringsordningar
* IA- bedrift og fleksibel arbeidstidsordning.
Kontaktinformasjon
Petter Sortevik, Stabssjef, 95479474, petter.sortevik@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4998842205
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9867963c-1459-43fe-92c4-d637bd8b0d0c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
51998a44c33b469b824b2f843c425b26