Instruktørtannlege (fast 20 %)
Universitetet i Bergen
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Instruktørtannlege (fast 20 %)
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. november
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstruktørtannlege (fast 20 %)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling (20 %) som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Seksjon for periodonti. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.
Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer, og kva arbeidsdagar som er aktuelle
Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken. Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
- minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege
- undervisningserfaring er eit ønskje
- det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Særskild interesse og klinisk erfaring innan fagområdet periodonti er ønskjeleg.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.
Vi tilbyr:
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- løn for tida kr 700 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 730 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
- oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Dagmar Fosså Bunæs, dagmar.bunes@uib.no, tlf 55586647.
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk Odontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
- Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
- Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
- Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
- Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.
Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB, finner du her:
Smittevern | Institutt for klinisk odontologi | UiBOpplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
98044d06-42d0-4866-acb6-a2cfbc391574
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269775
Lignende annonser
Stipendiat (2x100 %) 3 år
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen