Hopp til innhold

Ferievikarar i Fjord omsorgstenester - Valldal/Eidsdal 2026

Arbeidsgiver

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Sted

Olavsgata 10, 6210 Valldal

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar i helse- og omsorg 2025 i Valldal og Eidsdal
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

NB: dei som sendt inn søknad tidlegare treng ikkje sende inn på nytt. 2. gongs utlysing

Fjord kommune søkar etter ferievikarar i helse- og omsorgstenesta i Valldal og Eidsdal (sjå eigen utlysing for helse- og omsorg i Stordal). 

Behovet til kommunen er variert og vi er interessert i alle som kan gå inn i ei heiltid- (100%) eller deltidsstilling for både lang og kort periode.

Ved innsending av søknaden ønskar vi at du presiserar kvar du kunne ønskje å arbeide, når du er tilgjengeleg (frå - til) og kor mykje du kan arbeide (stillingsstorleik). Vi har behov for personell som kan starte i mai og jobbe ut august. Har du høve til å starte før, er det bare å skrive det i søknaden.

  • For ferievikarar til kjøkken må søkjar ha fylt 18 år.
  • For ferievikarar til heimebasert omsorg, institusjon og bustad for personar med nedsett funksjonsevne må søkjar fylle 18 år, inneverande år.
  • For arbeid i pleie- og omsorg vil ein inngå i turnus med arbeid dag, kveld og natt. I dagens grunnturnus er det lagt opp til arbeid kvar tredje helg, men arbeid kvar andre helg er og muleg om ein ønskar dette. I Fjord habilitering har dei langvakter på 14 timer og 10 timar aktiv nattevakt.

Ein vil starte med tilsetting før søknadsfristen er ute for å sikre nok arbeidskraft til sommaravviklinga.


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.
  • Aktuelle arbeidsstader:
    • Sjukeheimen
    • Kjøkken
    • Heimebasert omsorg i Valldal og Eidsdal, søkjar må ha førarkort klasse B
    • Fjord habilitering - avdeling Valldal

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjar primært etter personar med helseutdanning eller etter studentar i helseretta utdanning
  • Søkjarar utan helseretta utdanning er også aktuelle.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnskap.
  • Politiattest av ny dato må leggast fram til stillingar der dette vert krevd.
  • Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
  • Bilsertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Er trygg, tydeleg og triveleg
  • Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
  • Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med garantilønnstabell i HTV - KS og tillegg basert på kommunens lønnspolitiske plan
    • Lønnstillegg på 20% oppå garantilønn for alle ferievikarar i perioden 1. juni - 31. august
      •  Medisinstudentar ferdig med 4 eller 5 termin får 25% tillegg på garantilønn.
    • Kr 3500,- i bonus for alle ferievikarar som arbeidar 80% eller meir i minimum 6 veker (juni - august) som tilsvarar ca. 170 timar
    • Nyutdanna sjukepleiar og vernepleiar får lønn lik 10 års ansiennitet = kr 596 600 NOK
  • Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960

Arbeidsstad

Olavsgata 10
6210 VALLDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Referansenr.: 5111006697
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 30.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Sindre Søvik Erstad

Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd

+47 95855960

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

975a6c36-4790-4015-a580-726f47386786

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

86a24e30bc8c4574b0c1a71302bd6eef

Lignende annonser

Laster lignende annonser