Hopp til innhold

Ferievikarar i Fjord omsorgsteneste - Stordal 2026

Arbeidsgiver

Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Sted

Simamarka 46, 6250 Stordal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Stillingstittel
Ferievikarar i helse- og omsorg 2025 i Stordal
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
10
NB. 2. gongs utlysing, har du søkt tidlegare treng du ikkje søke på nytt

Fjord kommune søkar etter ferievikarar i helse- og omsorgstenesta i Stordal (sjå eigen utlysing for helse- og omsorg i Valldal). 

Behovet til kommunen er variert og vi er interessert i alle som kan gå inn i ei heiltid- (100%) eller deltidsstilling for både lang og kort periode.

Ved innsending av søknaden ønskar vi at du presiserar kvar du kunne ønskar å arbeide, når du er tilgjengeleg (frå - til) og kor mykje du kan arbeide (stillingsstorleik). Vi har behov for personell som kan starte i mai og jobbe ut august. Har du høve til å starte før, er det bare å skrive det i søknaden.

  • For ferievikarar til heimebasert omsorg, institusjon og bustad for personar med nedsett funksjonsevne må søkjar fylle 18 år, inneverande år.
  • For arbeid i pleie- og omsorg vil ein inngå i turnus med arbeid dag, kveld og natt. I dagens grunnturnus er det lagt opp til arbeid kvar tredje helg, men arbeid kvar andre helg er og muleg. Fjord habilitering og Stordalstun har i tillegg 14 timars vakter. 
Ein vil starte med tilsetting før søknadsfristen er ute for å sikre nok arbeidskraft til sommaravviklinga.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.
  • Aktuelle arbeidsstader:
    • Sjukeheimen i Stordal (Stordalstunet)
    • Heimebasert omsorg i Stordal, søkjar må ha førarkort klasse B
    • Fjord habilitering - avdeling Stordal

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjar primært etter personar med helseutdanning eller etter studentar i helseretta utdanning
  • Søkjarar utan helseretta utdanning er også aktuelle.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnnskap.
  • Politiattest av ny dato må leggast fram til stillingar der dette vert krevd.
  • Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
  • Bilsertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Er trygg, tydeleg og triveleg
  • Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
  • Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med garantilønnstabell i HTV - KS og tillegg basert på kommunens lønnspolitiske plan
    • Lønnstillegg på 20% oppå garantilønn for alle ferievikarar i perioden 1. juni - 31. august
    • Medisinstudentar ferdig med 4 eller 5 termin får 25% tillegg på garantilønn.
    • Kr 3500,- i bonus for alle ferievikarar som arbeidar 80% eller meir i minimum 6 veker (juni - august) som tilsvarar ca. 170 timar
    • Nyutdanna sjukepleiar og vernepleiar får lønn lik 10 års ansiennitet = kr 578 600 NOK
  • Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Grete Kvammen Tøsse, Leiar pleie og omsorg, Stordal, 41867960
Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990

Arbeidsstad

Simamarka 46
6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune

Referansenr.: 5112493230
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

40cb99ff-e0b1-4846-b5f8-03ee2bbb6335

Sist endret

18. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e9e54dce0d524cc0ad92e7ae6dd2e054

Lignende annonser

Laster lignende annonser