Hopp til innhold

Fast undervisningsstilling 100% – norsk og psykologi

Arbeidsgiver

Rogaland fylkeskommune

Sted

Hetlandsgata 27, 4349 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Fast undervisningsstilling 100% – norsk og psykologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Vi ser et deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i dei faga som blir lyst ut, og  godkjend praktisk pedagogisk utdanning
  • Gode norskkunnskapar
  • Godkjend politiattest er kravd ved tilsetjing

Dersom det ikkje er søkarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing, kan andre søkarar som er i gang med relevant utdanning tilsetjast på vilkår av at utdanninga blir fullført


Vi ser etter deg som:

  • Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar  
  • Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør  
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert 
  • At du har gode digitale ferdigheiter  

Personleg eignaheit vil bli vektlagd


Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:

  • Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
  • Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring 
  • Ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Vårt samfunnsoppdrag 

Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.

Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:

  • bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
  • sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
  • bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
  • bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
  • arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt

Søknaden din bør innehalde:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
  • Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Korleis søkje på stillingar hos oss:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!

Sjå gjerne våre andre ledige stillingar her:
(Lenkje når tilgjengeleg)


Jobb med meining

Jobb med meining

Video: https://youtu.be/gLB4c74XJ24

Kontaktpersoner for stillingen

Hadland, Randi

Avdelingsleder

92087034

randi.hadland@skole.rogfk.no

Hillesund, Ole Martin

Avdelingsleder

92484071

ole.martin.hillesund@skole.rogfk.no

Om bedriften

Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2200 elevar og om lag 350 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklassar, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.

Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no 

Frå 01.08.2026 er det ledig ei 100% fast undervisningsstilling. Faga som skal dekkast er norsk i kombinasjon med psykologi. 

Det er aktuelt med undervisning på studiespesialiserande programområde, yrkesfaglege programområde  og undervisning på vaksenopplæring (dag og kveld). 

Lærarane går inn i etablerte samarbeid organisert i faglag i dei ulike faga. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

96ae09d6-d80d-4d23-9e68-43b3dffa6ca1

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290944

Lignende annonser

Laster lignende annonser