Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Kom og bli med! Vi har behov for ein positiv og engasjert tilsett med oss på laget. Vi har ledig eit vikariat for sjukepleiar fram til 31.08.2026, med moglegheit til forlenging. 

Nevrologi og Rehabilitering sengepost er lokalisert i 4 etg. i nybygget LIVA og har 26 einerom. 

Sengeposten vår består av 13 nevrologisenger, der to av desse er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde hos oss., og i dag har vi åtte senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon. 5 senger er medisinske senger der hovudvekt av pasientane er tilknytta det indremedisinske fagområdet. 

Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan mange ulike fagfelt, spesielt nevrologi og rehabilitering.    

Har du erfaring eller ønske om å jobbe med desse fagområda, håpar vi du tek kontakt. 

Vi ønsker deg velkomen som søkjar.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtaler med pårørende m.m.
  • Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis).
  • Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
  • Delta i tverrfagleg team omkring pasientar med komplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
  • Bidra i relevant forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
  • Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Utfordrande og variert arbeid
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5072197054
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Sirianne Pidic

Seksjonsleiar

(+47) 924 99 376

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

968ea579-2510-455e-8683-ff3bb41ce80c

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b9522dd1832f4fd3a6e3566ffa86de28

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Akuttmottak Førde, Helse Førde

Sted

Førde