Hopp til innhold

Sjukepleiarstilling - vikariat

Arbeidsgiver

Dialyse, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Har du lyst på ei spennande moglegheit? Sjå her!!

Dialyseposten FSS søkjer sjukepleiar til 100% vikariat frå 01.04.2026 (eller etter avtale) til 15.08.2027

Om oss
Dialyseavdelinga er ein del av medisinsk avdeling og behandlar pasientar med akutt og kronisk nyresvikt som treng  nyreerstattande behandling.
Hos oss er kvalitet og pasientnær behandling høgt prioritert. Seksjonen har 10 behandlingsplassar for hemodialyse. 

Arbeidstid
Arbeidstida er dagtid måndag–laurdag mellom kl. 08.00–15.30, med arbeid kvar tredje laurdag.
Avdelinga har og ope på dagtid på heilagdagar.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre hemodialyse behandling
  • Oppfølging og observasjon av pasientar under behandling
  • Pasientretta sjukepleiaroppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • Lang og trygg opplæring.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenche Beate Sjåstad, Seksjonsleiar, (+47) 997 78 113

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5079463526
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Wenche Beate Sjåstad

Seksjonsleiar

(+47) 997 78 113

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2eb50d3c-3ac7-404a-891e-d0989216403b

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

59c41c9c1bc1475bb64d23751b1919be

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Akuttmottak Førde, Helse Førde

Sted

Førde

Arbeidsgiver

Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Helse Førde

Sted

Førde