Hopp til innhold

Konsulent

Arbeidsgiver

Førde BUP, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Førde BUP har ledig årsvikariat i 100% stilling som konsulent med oppstart 01.05.2026. 

Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge består av fire seksjonar: ein sengepost og tre poliklinikkar. Førde BUP dekker ei barnebefolkning på ca. 12.200, fordelt på 8 kommunar.

Vi har spesialistar i alle profesjonar og fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse på dei fleste kliniske område.

Det er gode rutinar for fagleg utvikling, som kurs, fagdagar og relevant vidareutdanning.


Arbeidsoppgåver

  • Administrativ støtte for seksjonsleiar 
  • Arbeidsoppgåver vil t.d. vere sakshandsaming  i forskjellige system som Elements, GAT, Agresso, Dips, Libra
  • Praktisk oppfølging av nytilsette
  • Utvikling- og kvalitetsarbeid
  • Brukarstøttefunksjon for dei tilsette i høve system og teknisk utstyr
  • Samarbeide tett med sekretær ved BUP
  • Samarbeid med konsulentane ved dei andre seksjonane i PBU

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachlernivå innan helse eller økonomi/administrasjon, eller anna relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • God systemforståelse 
  • Gode IT-kunnskapar
  • Kunnskap om ulike fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Du tilpassar deg lett, og er løysningsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Det blir lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons-og forsikringsordningar
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høve til personleg og fagleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 207

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5070295479
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hildegunn Knapstad Fauske

Seksjonsleiar

(+47) 578 39 207

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

96584ab7-16a0-4052-a9f6-fdb33c96e0b0

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2a271ec6bd53490e85408cc01b2a75e4

Lignende annonser