Bu- og avlastingstenesta har ledig stilling som
Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta
Hafstadvegen 42, 6809 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver.
Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar frå 0-18 år. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Fokus skal vere på meistring, tryggleik og glede. Ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Vi har ledig:
Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.
Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert person til nyoppretta stilling som rettleiar hos oss. Stillinga gir gode moglegheiter til å påverke og forme både innhaldet i rolla og utviklinga av tenesta, mellom anna gjennom arbeid med rutinar, arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar og gjennomføring.
Stillinga inneber rettleiing i heim der ein i samarbeid med føresette skal kartlegge utfordingar i kvardagen og vidare følge opp i høve støtte, rutinar, struktur, samspel og forståing av barn og unge sine regulerings- og åtferdsvanskar.
Formålet med stillinga er å redusere belastninga i familien og førebygge meir inngripande tiltak som avlasting utanfor heimen.
Stillinga er for deg som har bakgrunn som miljøterapeut i arbeid med barn og unge med særskilte behov. Stillinga er ein kombinasjon av rettleiing i heim og miljøarbeid på avlastingsbustaden.
Arbeidsoppgåver:
- Kartlegge utfordringane i kvardagen
- Rettleie i tydeleg struktur og rutinar
- Forutsigbar og visuell støtte
- Regulere før korrigere
- Støtte føresette i å forstå behova bak åtferd
- Jobbe med foreldrestress og samregulering
- Legemiddelhandtering
- Legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå
- Samarbeide med interne og eksterne instansar
- Planlegge, følgje opp og evaluere tiltak
- Oppdatere tiltaksplanar
- Fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9
- Journalføring i fagprogrammet Cosdoc
- Matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid
krav til søkar:
- Førarkort kl. B
- Treårig bachelorgrad innan helse- og sosialfaglege utdanningar
- erfaring frå miljøterapi med barn og unge, inkludert trygging, relasjonsbygging og strukturerte kvardagsrutinar
- Må meistre godt norsk skriftleg og munnleg
- Du må vere sjølvstendig samt kunne samarbeide
Personleg egenskapar blir vektlagt.
Vi søker deg som:
- Er tolmodig og har eit ønske om å jobbe med barn og unge
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer
- Er omsorgsfull, kan sette varme og tydelege grenser, og ser kvart enkelt barn
Vi tilbyr:
- Ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad
- Eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø
- Varierte dagar med mykje aktivitet og glede
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1712ee2b-96f0-4179-91e1-c819c6eb91e2
- Sist endret
29. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3641009_143427_nn