Hopp til innhold

Bu- og avlastingstenesta har ledige

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta

Sted

Hafstadvegen 42, 6809 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. juli

Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som  bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga.  

 

Vi søker ansvarsfulle og engasjerte assistentar til helgestilling. Stillingane passar godt for elevar/studentar som ønsker relevant erfaring innan helse, omsorg og oppvekstfag.  

Vi har ulike typar vaktordningar; arbeid kvar 2. eller 3. kvar helg, mogelegheit for  ein fast ettermiddag/kveld i veka kombinert med helg, ulike stillingskombinasjonar etter avtale.  

 

Arbeidsoppgåvene: 

  • sosialt samvær, leik og aktivitetar
  • praktisk bistand, stell og pleie
  • følge opp rutinar og planar. 
  • skape tryggleik, struktur og forutsigbarheit. 
  • bidra til meistring og gode opplevingar. 
 

 

Vi søker deg som:

  • er påliteleg, ryddig og ansvarsfull
  • er engasjert og ynskjer gjere ein skilnad
  • du er omsorgsfull og glad i å arbeide med barn
  • respekt for den enkelte sine behov
  • tolmodig og trygg i møte med barn

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Monica Vik Hafstad

Einingsleiar

+47 48029817 +47 57612744

monica.vik.hafstad@sunnfjord.kommune.no

Om bedriften

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

070245eb-da9e-4aaa-91aa-0cddc90cf2eb

Sist endret

22. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639165_143427_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser