Hopp til innhold

Psykolog/Psykologspesialist

Arbeidsgiver

Stord DPS

Sted

Tysevegen 64, 5416 Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog/Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi har ledig 1-års vikariat frå 01.03.26 som psykolog eller psykologspesialist i allmennteamet ved poliklinikken.

Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar. 

Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Vi etablerte lokalt Kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking. Vi har implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande).


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Rettleiing til samarbeidspartnarar.
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning,teamarbeid).
  • Ved spesialist: Spesialistoppgaver, t.d. rettleiing av psykologar/ psykologar i spesialisering.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som psykolog.
  • Erfaring frå arbeid i DPS/ VOP, eller arbeid med individualterapi i kommunal regi.
  • Interesse for psykologifaget og utvikling av behandlingstilbod.
  • Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller psykolog påbegynt slik fordjuping.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team.
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø - som er høgt prioritert ved SDPS!
  • er strukturert og har ein sterk gjennomføringsevne.

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Stillinga er dagstilling, 37,5 t/veke.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Fagleg og personleg utvikling.


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          

Kontaktinformasjon

Øydis Grov, Funksjonsleiar, +47 97084406, oydis.grov@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5049887656
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.12.2025

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9598cc3f-237c-491c-8a82-736f8c8aa968

Sist endret

29. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

bd1b691c1a314daabbe6b1fa3c1bcdd3

Lignende annonser