Jurist på sosialområdet
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar/seniorrådgjevar – jurist på sosialfeltet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 18. november
Vil du bruke jussen din til å skape eit samfunn med mindre ulikskap?
Hos Statsforvaltaren i Vestland får du bruke den juridisk kompetansen din til å påverke korleis sosiale tenester blir praktisert og forstått i kommunane. Vi søkjer ein engasjert og trygg jurist som vil bidra til rettstryggleik og kvalitet i forvaltninga – gjennom fagleg sterk og effektiv saksbehandling, rettleiing og samarbeid om framtidas velferdstenester.
Om stillinga
Vi har ei ledig stilling som jurist på sosialområdet. Arbeidet er variert og krev både fagleg presisjon og evne til heilskapsforståing. Du vil få ei sentral rolle i saksbehandling og juridiske vurderingar etter sosialtenestelova, samtidig som du får eit tydeleg ansvar for rettleiing og kompetanseutvikling innan tenesta økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
Rettleiingsarbeidet inneber både å støtte kommunane i komplekse enkeltsaker og å bidra til å heve den nasjonale kompetansen på området gjennom kurs, faglege samlingar og samarbeid med andre embete. Her får du kombinere juridisk arbeid med samfunnsnyttig innsats som merkbart påverkar kvardagen for menneske i økonomisk vanskelege situasjonar.
Statsforvaltaren i Vestland har, saman med to andre embete, eit nasjonalt ansvar for å støtte dei andre statsforvaltarane i arbeidet med økonomisk rådgjeving. Dette er ein viktig og profilert del av stillinga, og du må rekne med noko reiseverksemd.
Kontorstad for stillinga er Bergen eller Leikanger.
Om avdelinga
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for rådgjeving, forvaltning og tilsyn innan sosiale tenester, barnevern og helse- og omsorgstenester. Vi arbeider i skjeringspunktet mellom juss, samfunn og velferd, og legg vekt på fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling.
Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader i Leikanger og Bergen. Her jobbar juristar, samfunnsvitarar og helse- og sosialfaglege rådgivarar og pedagogar tett saman for å finne gode løysingar på komplekse utfordringar. Hos oss får du eit fagmiljø med høg kompetanse, korte linjer og stor grad av samarbeid.
Døme på arbeidsoppgåver
- Saksbehandling og juridiske vurderingar innan sosiale tenester i Nav.
- Råd og rettleiing til kommunar, Nav-kontor og enkeltpersonar.
- Ansvar for fagleg rettleiing, kurs og undervisning innan økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
- Bidra til utvikling av kompetanse og praksis nasjonalt på dette området.
- Samarbeide med andre embete om felles tiltak og faglege ressursar på sosialområdet.
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- Erfaring frå arbeid med sosiale tenester i Nav, formuerettslege spørsmål eller annan relevant praksis er ein fordel
- God kjennskap til offentleg forvaltning og saksbehandlingsreglar
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg både på nynorsk og bokmål
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- har god evne til fagleg refleksjon og presis juridisk vurdering
- trivst med både sjølvstendig saksbehandling og samarbeid i tverrfaglege team
- er løysingsorientert og har evne til å formidle juss på ein forståeleg måte
- har god arbeidskapasitet og evne til å handtere fleire oppgåver parallelt.
Personlege eigenskapar og samarbeids- og formidlingsevner vil bli tillagt stor vekt.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 570 000–730 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
94fd6145-d8be-4e41-a39b-5f0a7d7f9c58
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268423
Lignende annonser
Rådgjevar/seniorrådgjevar – verjemål
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Skatteetaten, Brukerdialog
Sted
Isdalstø
Seniorskattejurist personvern
Arbeidsgiver
Skatteetaten, Brukerdialog
Sted
Bergen