Rådgjevar – verjemål
Statsforvaltaren i Vestland
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar – verjemål
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Om stillinga
Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndigheit og har ansvaret for verjemålssakene i fylket. Vi har i dag ansvaret for om lag 7 700 aktive saker.
Verjemål er eit breitt og samansett fagfelt, med oppgåver innan m.a. rettsområda arv- og skifterett, barnerett, forvaltningsrett og sivilprosess. Vi fremjar saker for domstolane om fråtaking av rettsleg handleevne, og har rett til å vere sjølvprosederande. Vi forvaltar også midlar på vegner av barn og vaksne i Vestland fylke. Som førstelineteneste har vi i tillegg ansvar for å rettleie publikum om verjemålsordninga og dei private alternativa til verjemål.
Utdannings- og verjemålsavdelinga har tre seksjonar, ein verjemålsseksjon og to utdanningsseksjonar, alle med tilsette både på Leikanger og i Bergen. Verjemålsseksjonen har i dag 26 tilsette med juridisk, økonomisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse.
Verjemålsseksjonen har no ledig ein fast stilling som rådgjevar med kontorstad Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Oppretting av verjemål for vaksne
- Oppnemning av verje for mindreårige
- Rettleiing til publikum på telefon
- Andre sakshandsamingsoppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan rettsvitskap eller sosialt arbeid, på bachelornivå eller høgare
- Erfaring frå sakshandsaming og offentleg forvaltning
- Erfaring frå skriftleg og munnleg formidlingsarbeid
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som
- er samfunnsengasjert og har interesse for arbeid med menneske
- har gode munnlege kommunikasjonsferdigheiter og god skriftleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål
- har evne til å arbeide strukturert, effektivt og fullføre enkeltoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag
- kan arbeide sjølvstendig, men samtidig delta i drøftingar og samarbeid med andre ved behov.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, frå kr 550 000–680 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
71d82aa2-bcc7-4968-a5b8-c69e1ee5c186
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267191
Lignende annonser
Arbeidsgiver
REGIONKONTORET
Sted
Bergen
Juridisk rådgjevar - vikariat
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Bergen, Stord, Sogndal, Førde
Arbeidsgiver
Fagskulen Vestland - Stab, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen