Engasjert karriererettleiar søkes til Spira utvikling
SPIRA UTVIKLING AS
Tongane 59, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Karriererettleiar
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Vil du vere med og skape moglegheiter for andre?
Hos Spira utvikling jobbar vi kvar dag for å styrke menneske sine moglegheiter i arbeidslivet. No søkjer vi ein engasjert karriererettleiar i 60 % stilling som ønskjer å bidra til at fleire kjem ut i arbeid eller utdanning. Stillinga er mellombels på 2 år, med moglegheit for forlenging.
Søknadsfrist: snarast moglegDu vil jobbe tett med deltakarar med ulik bakgrunn, og vere ein viktig støttespelar i deira veg mot arbeid, meistring og utvikling.
Arbeidsoppgåver-
Individuell karriererettleiing og tett oppfølging av deltakarar
-
Kartlegging av kompetanse, ressursar og mål
-
Rettleiing i jobbsøkarprosessar (CV, søknad, intervju)
-
Aktivt arbeid mot arbeidsgjevarar og næringsliv
-
Byggje og vedlikehalde relasjonar og nettverk i regionen
-
Samarbeid med NAV og andre samarbeidspartnarar
-
Dokumentasjon, rapportering og skriftleg oppfølging av deltakarar -- ein vesentleg del av arbeidet er rapportering til NAV
-
Arbeide målretta for progresjon og overgang til arbeid eller utdanning
Vi ser etter deg som:
-
Helst har bachelor innan sosiale fag (til dømes sosialt arbeid, vernepleie eller liknande), men relevant erfaring kan kompensere
-
Har erfaring med rettleiing, oppfølging eller arbeid med menneske i endring
-
Har god kjennskap til arbeidsmarknaden og arbeidsgjevarar sine behov
-
Er trygg i rolla di og jobbar sjølvstendig
-
Er strukturert, målretta og oppteken av resultat
-
Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å motivere andre
-
Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
-
Har god digital kompetanse og trivst med å bruke digitale verktøy
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kvifor jobbe hos oss?Hos Spira Utvikling får du:
-
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit selskap i sterk vekst
-
Engasjerte og kompetente kollegaer som spelar kvarandre gode
-
Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell i menneske sine liv
-
Eit inkluderande arbeidsmiljø
-
Varierte arbeidsdagar med høg grad av sjølvstende
-
Opplæring i metodar og verktøy innan arbeidsinkludering
-
Moglegheiter for fagleg utvikling
For meir informasjon, ta kontakt med:
Carina Opedal Tiltaksleiar / fagansvarleg 919 23 488
Mail: carina@spirautvikling.no
Om bedriften
Spira utvikling AS er ei arbeidsmarknadsverksemd eigd av Etne kommune og Vindafjord kommune, med om lag 70 tilsette.
Me driv vaskeri, transport og ei rekkje andre avdelingar -- og er tiltaksarrangør for NAV innan varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT).
Hos oss går produksjon og menneskeleg utvikling hand i hand.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
94f82296-d72b-4a30-a28b-ad240e476d5b
- Sist endret
8. juni 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
465376677