Hopp til innhold

Vi søker ein engasjert rettleiar som ønsker å gjere ein forskjell for andre menneske

Arbeidsgiver

Rettleiar // Nav Øygarden, Avdeling arbeidsinkludering

Sted

Grønamyrvegen 18, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Nav Øygarden søker engasjert og motivert medarbeidar til til avdeling arbeidsinkludering. 

Nav Øygarden er lokalisert sentralt på Straume. Vi har omlag 80 tilsette som jobbar for å gje menneske moglegheiter. I avdeling arbeidsinkludering er det 25 tilsette som arbeider med personar over 30 år som har behov for bistand frå Nav for å komme seg tilbake i arbeid. Avdelinga består av 4 team, Jobbforberedelse, Jobbklar, SYFO og Stalege forvaltere. Den ledige stillinga er i teamet Jobbklar, der ein skal arbeide med personar som har gjennomført behandling og fått avklart helsa si slik at ein er klar for å orientere seg mot utdanning eller arbeid. Du vil bli del av ein trivelig og positiv gjeng med høgt engasjement!


Kva går jobben ut på?

  • rettleie og motivere personar som treng bistand til å stå i eige arbeid og/eller finne ny arbeidsgivar, mellom anna kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter.
  • vurdere og setje i verk tiltak som kan bidra til at brukar kjem i arbeid eller aukar arbeidsevna hos eigen arbeidsgivar
  • drive tverrfagleg samarbeid i og utanfor Nav
  • arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av personar over 30 år, med råd og rettleiing etter gjeldande regelverk
  • dokumentere oppfølging og kontakt med samarbeidspartnarar
  • ein har eigen portefølje på om lag 115–130 brukarar som ein skal motivere og rettleie mot utdanning eller arbeid

Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring frå rettleiings- og motiveringsarbeid
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
  • gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du har
  • erfaring med oppfølging av personar som har ulike helsemessige og sosiale utfordringar
  • erfaring med eller kunnskap om arbeidsmarkedet og inkluderingsarbeid
  • god kjennskap til Nav sine tenester

Kva vi ser etter hos deg?

  • du er god på å byggje relasjonar og motivere
  • du har god evne til sjølvleiing og er strukturert og effektiv
  • du handterar å stå i endringar
  • du er robust og klarer å jobbe tett på menneske som står i en krevjande livssituasjonar

Kvifor velje oss?

  • ei meiningsfull stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskassetrening i arbeidstidamoglegheit for hjemmekontor
  • fast stilling som rettleiar i stillingskode 1434 rådgiver med lønnsspenn frå kr. 622 000 til 660 000 per år. For særleg kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn vurderast.
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse 

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Jannicke Bertelsen, Avdelingsleiar, 975 97 575, Jannicke.Bertelsen@nav.no

Arbeidsstad

Grønamyrvegen 18
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5139354409
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Jannicke Bertelsen

Avdelingsleiar

975 97 575

Jannicke.Bertelsen@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

94ed40a1-d72d-4351-967d-d0dd7720fa72

Sist endret

4. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ea5e9ffcefd940ff9ec56d6242ca89b1

Lignende annonser

Laster lignende annonser