Rettleiar - 100 % vikariat
Bjørnafjorden kommune NAV
Holtbrekka 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. juli
Hos Nav Bjørnafjorden får du ein jobb der du gjer ein forskjell – for menneske og for samfunnet. Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling med oppstart snarast og med varigheit i eitt år. Som rettleiar blir du ein del av avdeling avklaring, velferd og forvaltning, og du får ansvar for å følgje opp brukarar på vegen mot å bli sjølvhjelpen gjennom utdanning eller arbeid.
Nav Bjørnafjorden er del av region Midthordland, og vi er 55 tilsette som samarbeider godt med kommunane i regionen for å gi brukarane våre dei beste tenestene.
Nav Bjørnafjorden har moderne og funksjonelle lokale i Os Næringspark, tilpassa ein aktivitetsbasert arbeidsplass med fokus på samarbeid og fleksibilitet. Kontoret består av engasjerte medarbeidarar fordelt på fleire avdelingar, og saman utgjer vi region Midthordland i Nav Vestland – eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for gode tenester til innbyggjarane våre. Høyrest dette spennande ut for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
- Gje heilskapleg rettleiing og oppfølging av brukarar og støtte dei på vegen mot å bli sjølvhjelpen gjennom arbeid og utdanning
- Kartlegge ressursar, moglegheiter og behov saman med brukar
- Følgje opp arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar gjennom tverrfagleg samarbeid
- Handsame søknader om økonomisk sosialhjelp
Nav er stadig i utvikling og du må forvente at det også vil påverke arbeidsoppgåver over tid.
Kvalifikasjonar- Utdanning på minimum bachelornivå som er relevant for arbeidsoppgåvene i eit Nav-kontor
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Ønskeleg med førarkort klasse B
- Det er ein fordel om du har kjennskap til Nav sitt lovverk
- Du har evne til å kommunisere både munnleg og skriftleg på ein slik måte at du byggjer gode relasjonar og finn gode løysingar saman med bruker
- Brukermedverknad er viktig og vi ser etter deg som har erfaring frå relasjonsbygging som du kan ta med inn i arbeidet som rettleiar
- Du er ein lagspelar, og du ser verdien av godt medarbeiderskap i eit arbeidsmiljø
- Som kollega hos oss vil du vere ein del av eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Du må likevel kunne jobbe sjølvstendig, og akseptere at arbeidskvardagen tidvis kan vere travel og at det må gjerast prioriteringar
- God opplæring til stillinga
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Gode høve til personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
31695556-cff6-4845-b445-519989fb98da
- Sist endret
24. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3640865_195945_nn