Hopp til innhold

Sommarvikarar 2026

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Sommarvikarar 2026
Type ansettelse
Feriejobb, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Ute er det kaldt, men me har starta å tenke på sommarturnusen;)

Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2026 i sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Ferieavviklinga er hovudsakleg i perioden veke 25- 32; men det kan også vere aktuelt med jobb utover desse vekene. Eininga består av sjukeheim og heimeteneste. Eininga har også eige kjøken, vaskeri og reinhaldspersonell. Søkjarane må skrive i søknaden frå/til-periode ein kan jobbe og om det er periodar ein ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar. Søkjarar som kan jobbe samanhengande/lengre periodar vil verte prioritert.

Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg.

Arbeidsoppgåver

Vi treng personel både i pleien på sjukeheim og i open omsorg (heimetenesta), samt personell på serviceavdelinga (kjøkken, reinhald og vaskeri). Søkjarane bør skrive kva avdeling dei ynskjer å jobbe i og om det er avgrensingar ein må ta omsyn til (til dømes tider ein eventuelt ikkje kan jobbe). 


Kvalifikasjonar 

  • Me ynskjer sommarvikarar som vert motivert av å gje ein god og stabil kvardag for bebuarane og alle er velkomne til å søkje; både med og utan helsefagleg bakgrunn. Det vil verte gjeven opplæring. Søkjarar med helsefagleg bakgrunn/utdanning vil verte prioritert.
  • Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B 
  • Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 

  • Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane  
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta og oppvekst, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
  • Løn etter tariff

Kontaktpersoner for stillingen

Sissel Kvame

Nestleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim

+4745871551

sissel.anita.kvame@gulen.kommune.no

Nina Haveland

Einingsleiar Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim

+4745871550

nina.haveland@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

94d39f19-39fb-4521-af0c-c77168604415

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10285267

Lignende annonser