Digitalutviklar på Termportalen ved Universitetsbiblioteket
Universitetet i Bergen
Haakon Sheteligsplass 7, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Digitalutviklar på Termportalen ved Universitetsbiblioteket
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. februar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Om stillinga:
Universitetsbiblioteket søkjer ny digitalutviklar
Universitetsbiblioteket i Bergen (UiB) og Språksamlingane har nasjonalt ansvar for Termportalen. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, faggruppa for digital utvikling. Eininga digital utvikling på Universitetsbiblioteket er eit aktivt og kompetent miljø med om lag 10 tilsette som har ansvar for utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte, blant anna for drift og utvikling av Språksamlinganes digitale portefølje.
Språksamlingane er den nasjonale vitskaplege dokumentasjonsressursen til norsk språk og norske namn og forvaltar ei lang rekkje databasar og infrastrukturar. Termportalen ved Språksamlingane har ansvar for å forvalte den nasjonale infrastrukturen for terminologi . I arbeidet med å nå målet om å gjere tilgjengeleg norsk terminologi i breidda av fagområda i universitets- og høgskulesektoren, ønsker vi å utvide staben med ein dyktig digitalutviklar (overingeniør 1087 eller senioringeniør kode 1181) i fast 100% stilling.
Vi er opptatt av:- Innovative løysingar, kontinuerlege og berekraftige leveransar
- Brukarperspektivet, og jobbar tett med fagmiljøa om design, utvikling og drift av løysingar og bruk av tenester
- God samhandling og kommunikasjon med teamkollegaer i det tverrfaglege arbeidsmiljøet ved UiB
- Informasjonsikkerhet, personvern og arkitekturprinsipper som til ein kvar tid følgjer UiBs retningsliner
Arbeidsoppgåver:
- Delta i nyutvikling og vidareutvikling av Termportalen sine løysingar, med spesielt fokus på integrasjonar, datatransformasjonar og backend-utvikling
- Programmere mot interne og eksterne api-ar
- Bygge opp CI/CD automations-metodologier
- Utnytte skytenester gjennom konfigurasjon og kode så langt det er mogleg
- Deployment av applikasjonar i containere, t.d. Elastic Search
- Medverke til moderne og effektiv forvalting av tenester
- Medverke til det generelle arbeidet i miljøet kring utvikling hos Språksamlingane og delta i aktivitetar knytt til faggruppa for digital utvikling
- Bidra til kompetanseutvikling i eit tverrfagleg team (kompetanse innan digital humaniora)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må
- ha erfaring frå utvikling av webapplikasjonar
- ha erfaring med, eller interesse for, teknologiane og rammeverka vi nyttar, til dømes Knowledge Graphs, RDF/SPARQL, SQL-databasar, Python, Ansible, Docker, TypeScript, OpenAPI, skytenester (t.d. NREC)
- ha gode evner til samarbeid og kompetansedeling
- vere oppteken av å stadig lære nye ting
- ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta eige initiativ og ansvar for oppgåver
- ha gode munnlege og skriftlege språkkunnskapar i norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk, samt gode kommunikasjonsevner
- det er ein fordel å ha forståing for terminologisk metode og datalingvistikk
- For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Ein organisasjon full av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- Deltaking i spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
- Stilling som overingeniør (kode 1087) kr. 614 900 – kr. 650 000 eller senioringeniør (kode 1181) kr. 691 500 – kr. 720 000 det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fagleg leiar for Digital utvikling Juliane Tiemann (juliane.tiemann@uib.no tlf. +47 55 58 24 62), seksjonsleiar Marion Mühlburger (marion.muhlburger@uib.no, tlf. +47 55 58 88 40) eller fagleg leiar for Språksamlingane, Peder Gammeltoft (peder.gammeltoft@uib.no, tlf. +47 55 58 21 95).
Den som vert tilsett har hovudsakeleg sine arbeidsoppgåver på Termportalens ansvarsområde.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira
informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
94769e08-4ebf-46ad-86fe-ba046a969158
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277544
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen