Vil du vera med å utvikle laget rundt barn og unge?
Vindafjord kommune Helse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar i Familieteamet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Familieteamet i Vindafjord og Etne er i vekst og utvidar med blant anna eiga fagleiar stilling!
Har du eit engasjement for barn og unge? Er du oppteken av familien som eit system rundt barnet? Er du refleksiv og har evne til å sjå ting frå ulike perspektiv? Vil du jobbe med å spele eit allereie dyktig rettleiingsteam endå betre?
Familieteamet i Vindafjord jobbar forebyggande og endringsretta i høve barn, unge og deira familiar. Me har to mandat, lågterskel og etter vedtak frå barnevernet. Me er opptekne av gode rammer, empowerment og kunnskapsformidling. Me bygg kunnskapsgrunnlaget vårt særleg på COS-P og TBO, og er opptekne av å nytte metodar som er hensiktsmessige i høve problemstillinga. Som fagleiar vil du vera med å byggje vidare på dette, og ikkje minst å påverke vidare utvikling i Familieteamet.
Me er eit tverrfagleg team på 12, kor alle jobbar både lågterskel og etter mandat frå barneverntenesta. Kvardagen i Familieteamet består hovudsakleg av rettleiingsmøter på rådhuset, men med Vindafjord og Etne sin vidstrakte geografi, vert det også noko reising for møter. For miljøterapeutane vil arbeidet vera i heimane. Nokre i teamet er og ein del av kriseteamet i kommunen, og har såleis ein akuttfunksjon.
Me ser etter deg som er god på å møte menneske i krise, navigerer godt i komplekse familiesituasjonar, har gode kommunikasjonsferdigheter og god evne til å handtere og tole konflikter, samt sterke kjensler. Som ein del av leiargruppa må du ha god evne til å gje tilbakemeldingar, vera tydeleg og samstundes ivaretakande.
Hovudarbeidsoppgåver:
Hovudoppgåva til fagleiar vil bli å ivareta og vidareutvikle eit trygt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Som fagleiar har du medansvar for å fagleg styrke og utvikle teamet vidare. Dette inneber teammøter, rettleiing med familierettleiarar, planlegge og leie kompetanseheving. Du skal samarbeide med andre på både individ- og systemnivå. Du vil ha medansvar for utvikling og kvalitetssikring av skriftleg arbeid som rutinar, journal, oppfølging av internkontroll og avvikshandtering. Du vil og ha medansvar for fagsystem og vidare utvikling av dette.
Kvalifikasjonar:
- Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i sosialfagleg, helse eller pedagogisk utdanning. Andre relevante utdanningar kan vurderast.
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg.
- Erfaring frå systemaisk arbeid frå lågterskel eller barnevern.
- Erfaring innan leiing er ønskeleg.
- Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, munnleg og skriftleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort klasse B og moglegheit for å disponera eigen bil. Kommunen har i tillegg bilar til disposisjon.
- Det må framvisast politiattest for å jobba i Familieteamet.
Personlege eigenskapar:
- Trygg og tillitsvekkande.
- Positiv og løysingsorientert.
- Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag.
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team.
- Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling.
- Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert.
- Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer.
- Ein god kollega og ein støtte for dine medarbeidarar.
- Oppteken av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad.
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt.
Me kan tilby:
- Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og fagleg sterke familierettleiarar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass.
- Vera ein del av eit positivt leiarfellesskap, ha tilbod om relevant fagleg påfyll og moglegheit for ulike former for kompetanseheving. Til dømes vidareutdanningar og ulike kurs og sertifiseringar.
- Tilhøyra eit team der ein får drøfte faglege synspunkt og utfordringar, samt lære av kvarandre.
- Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing, både i opplæringa og i arbeidskvardagen vidare.
- Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv. Me har fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Slik søkjar du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
940eb239-f09a-48c0-843c-15a65406ac3f
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3549619_229843_nn