Vil du utgjere ein forskjell for barn og unge? Bli helsesjukepleiar i Vindafjord kommune!
Vindafjord kommune Helse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter!
Vindafjord kommune søkjer no etter to dyktige og dedikerte helsesjukepleiarar. Me har ledig ei 100 % fast stilling og eit vikariat på 80-100% til 01.04.26 med moglegheit for forlenging.
Stillingane er ledig frå snarast. I søknad kan ein spesifisera kva stilling søkjer på,- og om ein søkjer på begge.
Me tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag der du får moglegheit til å jobbe førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Kva får du jobba med hos oss?- Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglige retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane,undervisning i klassane og veiledning av foreldre og lærerar
- Vaksinering
- Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan vera aktuelt
- Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge
- Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar
- Arbeidsoppgåvene knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, og rabatt på treningssenter
- Moglegheit for å bli med i kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Helsesjukepleiar som har stillingskode som helsesjukepleiar, vil lønnast kr. 20.000 over KS si garantilønn
- Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjerar, kan sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge bli vurdert
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk
- Mastergrad i helsesjukepleie
- Erfaring som helsesjukepleiar
- Kjennskap til dokumentasjonssystemet HSpro
- Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale faglege retningslinjer for tenesta
- Evne til sjølvstendig strukturert arbeid,nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar
- Målretta og fagleg engasjert
- Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper
- Fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b525728-b9a4-47ca-8e38-8564249e8006
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3551587_229843_nn