Hopp til innhold

Fritidskontakt/ avlastar- Helse og velferd

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Forvaltning og støtteteneste

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Om jobben

Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 28. juli

Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Øygarden kommune har også behov for private avlastare som kan bidra med å gi familiar eit pusterom i kvardagen.
Er du ein person som trivast i samspel med andre og ønskjer å utgjere ein skilnad for nokon? Send gjerne ein søknad eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.


Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke. Avlastning varierer ut i frå omfang og behov, avlastning kan innebere nokre døgn i månaden eller på timebasis.

 Fritidskontakt :

Eg er ei glad, grei og sosial kvinne på 31 år som ønskjer fritidskontakt. Eg bur sentralt på Straume på Sotra. 

Då eg nyttar rullestol og har utviklingshemming, har eg behov for en person å være saman med på fritida nokre timar i veka og som kan følgje meg for å gjere ting eg likar. 

Noko av det eg likar å gjere saman med  fritidskontakt er å få følgje til "klubben", gå ein tur saman med, eller ta ein tur til byen og gjerne gå på kafé. Tur til Fløyen er kjempekjekt og eg er også opptatt av dyr. Eg har eigen bil. 

Eg har verbalt språk, men bruker også litt 'teikn til tale' og bilete for å gjere meg forstått. Eg forstår det meste som blir sagt til meg. 

Eg har dessverre ikkje hatt fritidskontakt den siste tida og det har eg savnet veldig. Eg håper å få ein ny fritidskontakt og det gleder eg meg til. 

 

Sosial og blid kvinne på 28 år søkjar fritidskontakt :

Eg er ei jente/kvinne på 28 år med moderat psykisk utviklingshemming som søkjar ein fritidskontakt. Eg treng hjelp til sosial aktivitet og utføre fritidsaktivitetar som eg likar.

Eg er svært sosial og blid, og trivast med aktivitetar ute og inne. Eg bur sentralt på Straume. Eg likar å gå tur, gå på kafe, bowle eller ta ein busstur til byen. I vekedagar går eg på nokre faste aktivitetar saman med andre, dette treng eg følgje til. Dette brukar å vere ein kveld i veka og aktiviteten tar om lag 2-3 timar. Elles likar eg å vere saman med dyr i alle størrelsar, og er vant til å omgåst hestar og hundar.

Eg treng ein pålitelig og forutsigbar kvinne/jente som kan være med meg på aktivitetar. Du liker å vere aktiv og engasjert. Erfaring med utviklingshemming er ein fordel, men ikkje eit krav. Viss du har førarkort og bil er dette ein fordel.

Kvalifikasjoner :
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd, det er ikkje krav til utdanning og erfaring
  • Du må vere over 18 år
  • Førarkort og tilgang på bil er ein fordel
  • Du må ha gode munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar:
  • Vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre
  • Vere ein god rollemodell, vere trygg på seg sjølv og ha evne til å samarbeide og motivere
  • Ansvarsbevisst: det er viktig å halde avtalar og vere påliteleg
  • Ha fokus på meistring og brukarmedverknad
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr:
  • Ein kontaktperson i Helse og velferd som har ansvar for rettleiing og oppfølging.Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og følelse av å meistre oppdraget, men også i høve til kvalitet og forsvarlegheit i tilbodet til tenestemottakar.
  • Løn:
    • Døgn 107 kr per time ,Timeavlastning og fritidskontakt er 223.95 per time 
    • Utgiftsdekning: dokumenterte utgifter vert dekka inntil beløp spesifisert i oppdragsavtalen
    • Køyregodtgjersle: Som fritidskontakt kan du skrive køyring under oppdrag. Dette vert dekka etter statens regulativ inntil totale km spesifisert i oppdragsavtalen.
    Anna:
    • Teieplikt – Inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege forhald rundt den du er fritidskontakt for
    • Politiattest - Det vert kravd politiattest for personar som skal yte helse- og omsorgstenester (jf. lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 5 - 4).

    Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla inn til ein samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt kontaktar vi deg når kommunen har eit oppdrag som passer.

    Kontakt

    Camilla Pedersen Camilla.Pedersen@oygarden.kommune.no

     

     

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Camilla Helen Pedersen

    Koordinator

    +47 48862074 +47 56161560

    camilla.pedersen@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    93d8d418-9e12-41ff-85c9-de7005a9d1de

    Sist endret

    29. april 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3622593_240839_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser