Hopp til innhold

Driftsleiar kommunalteknikk

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Administrasjon Var

Sted

Rognevegen 1, 4352 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Driftsleiar kommunalteknikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 5. mai

Likar du å yta god service og å gjera andre gode? Vil du bidra til at Klepp kommune er ein god og trygg kommune å bu i? Då har me har ein spennande stilling ledig ved kommunalteknisk drift.

Vår driftsavdeling har ansvaret for vatn og avløp, park og uteområder, inklusive gravplassane, samferdsel og renovasjon. I tillegg er det oppgåver knytt til beredskap og miljø, og me har utstrakt kontakt med innbyggarane i kommunen. Du blir ein del av verksemda kommunalteknikk, som for tida har 32 tilsette, der 18 av desse høyrer til driftsavdelinga.  

Klepp kommune ligg sentralt på Jæren med korte avstandar både internt og til nabokommunar. Kommunen har 21 000 innbyggarar. Landskap og natur i kommunen er prega av eit bølgande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender mot storhavet. Kommunen har et flatemål på 115 km2. 

Driftsavdelinga held til i fine og moderne lokaler i Rognevegen i Verdalen. Her har me lagerplass og garasjar til utstyr og kjøretøy, og heile driftsavdelingen er samla her. 


Arbeidsoppgåver

Driftsleiar er ansvarleg for gjennomføring og koordinering av arbeidet innanfor alle dei ulike fagfelta. Du vil få stor grad av fridom til å leie avdelinga inn i framtida. Noko av det du vil arbeide med er:

  • Personalansvar for alle på driftsavdelinga
  • Ansvar for økonomioppfølging innanfor avdelingen sine rammer
  • Beredskap (beredskapsvakt kan bli aktuelt)
  • Sikre at nødvendige rutiner og prosedyrar er på plass
  • Sørge for bruk av digitale driftsverktøy
  • Følgje opp krav til HMS, avvikshandtering og læring av desse
  • Bidra til å utvikle avdelinga og organisasjonen
  • Du må rekne med at andre oppgåver vil bli lagt til stillingen

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning på bachelornivå, eller fagbrev, innan relevante fag. Lang relevant praksis kan vega opp for manglande formalkompetanse.
  • Du har helst erfaring som leiar, og er kjent med utviklingsarbeid og endringsprosessar
  • Du har kunnskap om drift av eit eller fleire av fagområda vatn, avløp, samferdsel, park og uteområder
  • Du har gode datakunnskapar og kan bruke fagsystem både på PC og mobil
  • Du har helst erfaring frå offentleg drift
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til lover, forskrifter og regelverk knytt til drift av eit eller fleire av dei ulike fagområda
  • Du meistrar godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du må ha førarkort - gjerne BE
  • Du er i god fysisk form då det kan vera aktive dagar på jobb

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • er glad i folk og er ein pådrivar og motivator
  • er samfunnsengasjert og vil bidra til å gi gode tenester
  • er interessert i fagområda og veit kva god kvalitet er
  • er praktisk anlagt og kan finna gode løysingar
  • kan prioritere oppgåvene
  • likar å samarbeida, både med kollegaer og innbyggjarane i kommunen
  • har gode kommunikasjonsevner og framstår klar og tydeleg
  • er pliktoppfyllande og til å stole på
  • er villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen utviklar seg 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Mange dyktige kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
  • Eit breidt fagmiljø
  • Fagleg utfordrande og interessante oppgåver
  • Gode forsikrings-og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
  • Bedriftskunstforeining
  • Lønn etter avtale
  • Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysningen og dei lovar og reglar som gjeld til ei kvar tid.

Kontaktinformasjon

Kjersti Marita Ohr, Verksemdleiar, +47 95818410

Arbeidsstad

Rognevegen 1
4352 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5110129076
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Kjersti Marita Ohr

Verksemdleiar

+47 95818410

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

934c8f53-c86d-42ad-9b24-fb7887f28f11

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3bf792fd50bc4750bcb02734319da9a9

Lignende annonser

Laster lignende annonser