Seksjonsleiar
AVDELING KIRURGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. juni
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også imot akutte skadar ved vår skadepoliklinikk, som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Preoperativ poliklinikk der ein klargjer pasientar for operasjon, er også ein del av seksjonen.
I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar.
Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdeling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar. Vi forventar at ny seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnytting i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre.
Arbeidsoppgåver
- Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for:
- Dagleg drift og fagleg utvikling av seksjonen i nært samarbeid med seksjonsoverlegar
- Personalansvar for tilsette i seksjonen
- Ansvar for at poliklinikken vert driven etter gjeldande lovar og forskrifter, etter interne retningslinjer og innanfor økonomisk rammer.
- Samhandling med andre fagmiljø og avdelingar
- Bidra til god pasientflyt og effektiv ressursbruk
- Implementering av kvalitetsforbetring og digitale løysingar
- Kombinert arbeidstid: ca 50% administrativt arbeid og 50% klinisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar
- Vi trur du lukkast best om du har erfaring frå arbeid med kirurgiske pasientar
- Ynskjeleg med leiarutdanning og –erfaring.
Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg og synleg for dei tilsette og avdelinga
- Du er fleksibel og nytenkande og løysingsorientert
- Du har evne til å arbeide strukturert og målretta både individuelt og i team.
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne til å kunne arbeide tverrfagleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Maren Pedersen, Avdelingssjef, Maren.Pedersen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5142762559
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
931dc111-f2c6-4c51-8038-13fe993b793a
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
25202a11f820410eafcc7a7043d49406