Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver

Dagkirurgi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

Dagkirurgen ved Ålesund sjukehus har ledig ei 100% fast stilling for spesialsjukepleiar med relevant vidareutdanning.

Dagkirurgi Ålesund er ei operasjonsavdeling med 6 operasjonsstover og eige overvakigslokalar. I tillegg har vi Dagkirurgi Aust med 3 operasjonsstover med behandlingar i lokal anestesi, 5 behandlingsrom og venterom. Dagkirurgi Aust er under oppbygging og vi ønskjer å ha deg med på laget som kan vere med og utvikle dette vidare. Fagområda totalt sett på Dagkirurgi Ålesund er ortopedi, kirurgi, øyre-nase-hals, gynekologi, auge, tann- og kjevekirurgi og medisinske undersøkingar med meir.

Arbeidstida er på dagtid og vi er stengt i helgar og høgtider. Dagkirurgi Ålesund held til i lyse og trivelege lokale. Vi har eit tverrfagleg arbeidsmiljø som samarbeider godt til det beste for pasientane.


Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er ein kombinasjon med pasientretta arbeid på DK Aust og postoperativ eining på DK, her spesielt med tanke på barn.
  • På DK Aust vil ein få opplæring i å assistere og leggje tilrette for mindre inngrep i lokal anestesi.
  • I postoperativ avdeling tek vi imot pasientane, klargjer til behandling og overvåker dei før heimreise.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Spesialsjukepleiar med relevant vidareutdanning
  • Vi søkjer etter spesialsjukepleiarar med minimum 2 års erfaring, og relevant erfaring frå dagkirurgisk drift vil bli særskilt vektlagt.
  • Det er ønskeleg med erfaring med barn i eit dagkirurgisk forløp, då om lag 20 % av våre pasientar er born.
  • Må kommunisere svært godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein person som er fagleg engasjert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vert særs vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Dagtid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Gunn Bente Solevåg, Seksjonsleiar, +47 70 10 54 11, Gunn.Bente.Solevag@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5075581530
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Gunn Bente Solevåg

Seksjonsleiar

+47 70 10 54 11

Gunn.Bente.Solevag@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d1507b56-f8cc-4fd4-9059-988e2468c8a0

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8dd496450e3c45dcb835c8b0461e0e8b

Lignende annonser

Laster lignende annonser