Hopp til innhold

Skolebibliotekar

Arbeidsgiver

Molde videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Øvre veg 23, 6413 Molde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Skolebibliotekar
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Ved Molde vgs. har vi elevane i sentrum. Saman jobbar nesten hundre tilsette kvar dag for å gjere vårt beste for at elevane våre skal nå dei måla dei har sett seg. Saman skal vi bidra til at dei blir best mogleg førebudd for framtida.
 
Molde vgs. har frå våren 2026 behov for skolebibliotekar i 60 % fast stilling. Skolebiblioteket ligg sentralt plassert i hjartet av skolen, og har ei sentral rolle i skolekvardagen til elevar og lærarar. Skolebibliotekaren er plassert i stabsavdelinga ved skolen saman med andre pedagogiske støttefunksjonar som t.d. IKT og administrative rådgjevarar.
 
Vi legg stor vekt på samarbeid innanfor ulike profesjonsfellesskap og på å gje elevane våre ein god opplæring i eit trygt og godt skolemiljø. 

Arbeidsoppgåver

Du får jobbe med: 

  • Støtte dei ulike fagmiljøa ved skolen i arbeidet med å skaffe oversikt over tilgjengelege læremiddel og læringsressursar, vere ressursperson for leiinga ved skolen i arbeidet med å velje læremiddel
  • Støtte elevar med læringsstrategiar, leseferdigheiter og informasjonskompetanse
  • Vere ein aktiv del av elevane sitt skolemiljø, skape arenaer for sosial og fagleg samhandling
  • Hjelpe elevar med å auke den digitale kompetansen i fag, jobbe med digital dømmekraft
  • Samarbeide med lærarar om å lære elevar metodar for kjeldekritikk og kjeldebruk
  • Systematisk arbeid for å fremje leseglede blant elevar, både innanfor skolefag og fritidslesing.
  • Formidle litteratur til ungdom på ulike og kreative måtar, også tilrettelagd m.o.t. ulike morsmål, lesenivå og funksjonsnivå.
  • Samarbeide med andre tilsette ved skolen og eksterne aktørar om ulike arrangement og aktivitetar gjennom skoleåret, med skolebiblioteket som vertskap
  • Samarbeide med avdeling for elevtenester om opplæringstilbodet for elevar med tilretteleggingsbehov
  • Deltaking i nettverket for skolebibliotekarar i Møre og Romsdal
  • Økonomisk ansvar for innkjøp av digitale og trykte læremiddel
  • Administrere utlånsordninga for lærebøker og annan litteratur
  • Delta i møte og aktivitetari regi av stabsavdelinga, der administrative og praktiske oppgåver må påreknast

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som

- har høgare relevant utdanning
- har god digital kompetanse og forståing og er interessert i å halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga i samfunnet
- har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på bokmål, nynorsk og engelsk

 

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

- har eit positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for det sosiale og faglege miljøet til elevane
- er engasjert i litteratur og litteraturformidling til ungdom
- er kreativ og nytenkjande og vil vere med på å utvikle skolebiblioteket som eit moderne og relevant tilbod for elevane våre
- kan arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og saman med andre tilsette

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

Vi tilbyr
- eit fagleg og pedagogisk fellesskap der vi alle støttar kvarandre
- eit inkluderande og raust kollegium der du får utvikle deg
- gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulukkesforsikring
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Berg Celia, Fagleder, +47 99780722

Arbeidsstad

Øvre veg 23
6413 MOLDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5051566702
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 28.01.2026

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skolen (molde.vgs.no)
Hver dag møtes om lag 700 elever og 100 ansatte på Molde vgs i Øvre veg 23. Skolen ligger godt synlig midt i sentrum, med en stor og velholdt bygningsmasse som daterer seg fra 1925 til 2015.  
I Elevundersøkelsen uttrykker elevene våre at de trives godt, og at de opplever god støtte fra lærerne sine.  
Skolen har tre utdanningsprogram, som alle er studieforberedende. Det vil si at alle elever som går på skolen forbereder seg til høyere utdanning på høyskoler og universitet. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

92c56aed-3219-4595-8c1f-74a543eb4a0a

Sist endret

29. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e40867c619854dd2a6c3da8d481ca8c0

Lignende annonser

Laster lignende annonser