Lærarar
Molde videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Øvre veg 23, 6413 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Bli med i Molde vgs sitt team av engasjerte lærarar!
Skolen vår har ca 750 fine elevar som treng fleire lærarar.
Er ein variert og spennande skolekvardag noko for deg? Sjekk faga vi har behov for og søk, då vel!
Vi har behov for lærarar i inntil 400 % fast stilling og inntil 300% vikarstilling:
Faste stillingar med følgjande fag: Norsk, norsk som andrespråk, engelsk, realfag (særleg fysikk), musikkfag (programfag ved musikk, dans og drama (MDD)).
Vikarstillingar med følgjande fag: Historie, religion, norsk, realfag, tysk.
Andre fag kan vere aktuelle.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver i stilllingane vil vere:
- Opplæring og undervisning i faga
- Oppfølging av elevgrupper og einskildelevar
- Kontaktlæraransvar
- Deltaking i profesjonsfellesskap med andre lærarar
- Samhandling med elevtenesten og leiinga
- Deltaking i møte på ulike nivå i organisasjonen
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som:
- har relevant høgare utdanning og pedagogisk kompetanse innanfor faga i stillingsutlysinga
- har undervisningserfaring
- er førebudd til å undervise opp til Vg3 studiespesialisering og/eller påbygging
- har god skriftlig og munnleg kommunikasjonsevne
- har god digital kompetanse
- har gode kommunikasjonsevner med evne til å skape gode relasjonar og engasjement
- er løysingsorientert og strukturert
- er genuint opptatt av eleven si læring og utvikling og har eit positivt elevsyn
Personlege eigenskapar
Den vi søkjer:
- har god relasjonskompetanse og evnen til å møte menneske i ulike livssituasjonar på ein god måte
- er tydeleg, og har god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
- har kunnskap og erfaring frå utdanningsorganisasjonar med administrativ og fagleg kompleksitet
- er serviceinnstilt, og har gode samarbeidsevner
- er ein lagspelar, men jobbar også godt sjølvstendig
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Celia Berg, Rektor, +47 99780722, celia.berg@mrfylke.noArbeidsstad
Øvre veg 236413 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5090433251
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skolen (molde.vgs.no)
Molde vidaregåande skole er den største studieførebuande skolen i Romsdalsregionen. Kvar dag møtest om lag 750 elevar og 100 tilsette på Molde vgs i Øvre veg 23. Skolen ligg godt synleg midt i sentrum, med god tilgang til samferdsel. Vi har 5 utdanningsprogram: Studiespesialisering, toppidrett, innovasjon og leiing, kunst, design og arkitektur og musikk, dans og drama. Skolen har eit breidt utval av spennande programfag på alle nivå. Vi legg vekt på profesjonsfellesskap og godt og trygt skolemiljø. Les meir på molde.vgs.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3c6be7ba-74df-4ff8-929d-7fb1056b92d5
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
afca1698d0f94ec2a360ec7f43c9240f