Vil du bli fagavdelingsleiar for lydavdelinga ved Det Norske Teatret?
Det Norske Teatret
Kristian IVs g. 8,, 0164 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagavdelingsleiar for lydavdeling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
Har du solid bakgrunn innan lydteknikk, teft for teater og eit øyre for detaljane som løftar den kunstnarlege opplevinga? Er du ein tydeleg og samlande leiar som trivst i eit miljø der kunst og teknologi møtest? Då kan dette vere stillinga for deg.
Som fagavdelingsleiar får du det overordna ansvaret for lydområdet ved teateret. Du blir ein sentral del av produksjonsprosessane, frå idé til premiere, og samarbeider tett med lyddesignarar, regissørar, scenografar, teknisk produsent og andre fagavdelingar. I tillegg har du ansvar for både personal, økonomi og budsjett innanfor ditt fagområde. Det Norske Teatret skal vera eit toneangivande teater i Europa som kontinuerleg utforskar ny teknologi og arbeidsmetodar, vi søker ein avdelingsleiar som vil ta ein sentral rolle i dette arbeidet
Teatret skal spegle samfunnet vårt både på og bak scenen og i salen. Vi har en tydeleg ambisjon om å styrke mangfald i teateret vårt, og ser etter ein avdelingsleiar som vil vera med å jobbe systematisk med å auke innsikt og kompetanse for å skape reell endring.
Rolla inneber personalansvar for 9 lydteknikarar. Du rapporterer direkte til Teknisk sjef og inngår i teknisk leiargruppe.
ArbeidsoppgåverArbeidstida er 37,5 timar per veke, hovudsakleg på dagtid i vekedagane, men arbeid på kveldar og i helger må påreknast.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Om bedriften
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
92c27ecb-aa5e-4793-84ab-8a0b470c248f
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
437778159
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Sted
Oslo
Leder AV-teknikk
Arbeidsgiver
Storebrand
Sted
Lysaker
Driftstekniker VVS
Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Sted
Oslo