Vil du bli fagavdelingsleiar for maskeavdelinga ved Det Norske Teatret?
Det Norske Teatret
Kristian IVs g. 8, 0164 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagavdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
Har du solid bakgrunn innan maske- og parykkfaget, teft for teater og eit auge for detaljane som løftar den kunstnarlege opplevinga? Har du gode leiareigenskapar og ønskjer å utvikle deg vidare som personalleiar? Då kan dette vere stillinga for deg.
Som fagavdelingsleiar får du det overordna ansvaret for maske- og parykkfaget. Du blir ein sentral del av produksjonsprosessane frå idé til premiere, og samarbeider tett med designarar, regissørar, teknisk produsent og andre fagavdelingar. I tillegg har du ansvar for både personal, økonomi og budsjett innanfor ditt fagområde.
Det Norske Teatret skal vera eit toneangivande teater i Europa som kontinuerleg utforskar ny teknologi og arbeidsmetodar. Vi søker ein avdelingsleiar som vil ta ein sentral rolle i dette arbeidet. Teatret skal spegle samfunnet både på og bak scenen og i salen. Vi har en tydeleg ambisjon om å styrke mangfald i teateret vårt, og ser etter ein avdelingsleiar som vil vera med å jobbe systematisk med å auke innsikt og kompetanse for å skape reell endring.
Rolla inneber personalansvar for 7 maskørar og parykkmakarar. Du rapporterer direkte til Teknisk sjef og inngår i teknisk leiargruppe.
ArbeidsoppgåverArbeidstida er 37,5 timar per veke, hovudsakleg på dagtid på vekedagar, men noko arbeid på kveld og helg må påreknast.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet og oppmodar kvalifiserte kandidatar som kan bidra til breiare representasjon i organisasjonen til å søkje.
Om bedriften
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.
Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
910dc2d5-63f7-4a7f-97e4-55d2e4611caf
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
437792727
Lignende annonser
Fagavdelingsleiar for lydavdeling
Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Sted
Oslo
Driftstekniker VVS
Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Sted
Oslo
Formidler og samfunnskontakt
Arbeidsgiver
Stiftelsen Unge Viken Teater
Sted
Lillestrøm