Vernepleiar / Sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. januar
Tilrettelagte tenester, har ledig fast stilling som vernepleiar /sjukepleiar ved Varafjell avlastning
Tilrettelagte tenester sitt avlastningstilbodet er til familie med langvarige og krevande omsorgsoppgåver. Eininga har avlastningstilbod på Varafjell avslatningssenter (born) og tilbod om avlastning (born /vaksne) på Os og på Fusa. Tilbodet er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod.
Varafjell ligg på Os og er strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg gjev vi tenester i heim og på skule.
- 100% stilling i turnus m/arbeidshelg kvar 4. helg (langvakt)
Arbeidsstad
Stillinga er for tida på Varafjell avlastningssenter. Avlastningssenteret har tilbod for born og unge under 18 år med nedsett funksjonsevne.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt opp mot born/ungdom på avlastning, i skule og i heim. Ein ønskjer så langt som råd er å minska talet på vaksne kvart barn må forholda seg til, slik at stillinga vil kunne variera mellom dei tre nemnte arenaer.
Stillinga er i stor grad knytt opp mot barn med behov for tett oppfølging.
• Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habiliteten og rehabilitering.
• Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
• Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
• Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og /eller koordinatorarbeid. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod.
• Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Kvalifikasjonar
• Du har autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar, men anna relevant høgskuleutdanning vert vurdert
• Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
• Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ønskjeleg
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Kven er du?
Fordi du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heiltidstilbod.
• Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
• Du er klar for noko nytt og spennande
• Du er endringsvillig og spontan og du ønsker ein jobb der utfordringane står i kø.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. For Sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
92bd302c-48b8-477c-b408-c4c7dd0be9c9
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3573501_196017_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Sted
Os