Hopp til innhold

Vernepleiar 100% fast stilling, Miljø og velferd

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar 100% fast stilling, Miljø og velferd
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. februar

Det er ledig 100% fast stilling for vernepleiar i Eining for miljø- og velferdstenester frå 01.03.2026. Stillinga er knytt til heimetenesta for utviklingshemma, med turnusarbeid og helgearbeid.

Heimetenesta har fleire avdelingar, kva avdeling ein blir tilsett i vert avgjort seinare. Arbeidet skjer i brukar sin heim med daglege gjeremål og utviklingsarbeid. Brukarane er personar med ulik grad av psykisk utviklingshemming.


Arbeidsoppgåver

  • Brukaroppfølging i form av tilrettelegging og utføring av miljøterapi
  • Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
  • Utarbeide og følgje opp tiltaksplanar og prosedyre
  • Kontakt og samarbeid med pårørande og nettverk
  • Rettleie medarbeidarar til å yte godt miljøarbeid og utvikle seg fagleg
  • Samarbeid med spesialhelsetenesta, fastlege og primærhelsetenesta
  • Kvardagshabilitering

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Gode datakunnskapar
  • God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ha interesse for å arbeide miljøterapeutisk, gjerne med relevant tilleggsutdanning
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide i team så vel som sjølvstendig
  • Evne til å vise respekt, empati og omsorg

Vi tilbyr

  • Varierande arbeid i positivt miljø
  • Tenester i utvikling
  • Løn etter tariff
  • Tilsetting etter lover og avtaler
  • God pensjonsordning
  • God arbeidstidsplanlegger for turnusarbeid

Kontaktinformasjon

Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790

Arbeidsstad

Tonningsgata 4
6783 STRYN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5075607627
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Åshild Heggdal

Einingsleiar miljø- og velferdstenester

93446790

Om bedriften

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9208e1c8-770c-4774-8867-6b93143211b8

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e88008e3b1394243a94ed4d8855aa7cb

Lignende annonser

Helsefagarbeidar Stryn omsorgssenter

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Stryn