Hopp til innhold

Veterinær (vikar)

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Veterinær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Stryn kommune har ansvar for å organisere klinisk veterinærvakt for vaktdistrikt Hornindal og Stryn (unnateke Utvik). For å dekkje behovet for veterinærar i vaktdistriktet er det behov for å ha fire veterinærar i vaktordninga. Vi har for augeblikket behov for ein vikar som skal gå inn i vaktordninga. I første omgang er det snakk om eit vikariat på seks månader, men med moglegheit for forlenging.

Produksjonsdyrpraksisen i Stryn kommune består hovudsakleg av storfe, sau og noko gris.

Arbeidsoppgåvene omfattar:
  • Veterinæren vil gå inn som éin av fire veterinærar og deltakar i vaktdistriktet Stryn og Hornindal. Vaktbelastinga er 1/4, og veterinæren skal vere tilgjengeleg for å yte tenester i samsvar med oppsett vaktplan.

  • Deltakinga i veterinærvaktordninga føreset òg deltaking i den ordinære dagvaktpraksisen. Dette vil vere tre eller fire dagar i veka.

  • I april er det betalt bakvakt i fire veker på grunn av auka arbeidsbelasting.

  • Veterinæren skal ha éin fast vaktkveld i veka og kvar fjerde helg i fast turnus.

Vi ser etter deg som har følgande kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon: Det vert krevd at tilbydar har autorisasjon som veterinær. Dersom leverandøren er eit enkeltpersonføretak, skal innehavaren av føretaket vere autorisert veterinær.

  • Føretak: Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak.

  • Økonomi: Leverandøren skal ha ordna forhold for innbetaling av skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift.

  • Kurs: Inseminasjonskurs.

  • Bil og utstyr: Søkjaren må sjølv halde eigen bil og eige utstyr.

Vi tilbyr:
  • Vi oppmodar nyutdanna og studentar om å søkje. Vi ønskjer å gjere arbeidskvardagen og oppstarten for ein ny veterinær så trygg som mogleg, og vil vere tilgjengelege som bakvakt eller sparringspartnar ved behov. Det kan òg vere aktuelt å involvere mentorprosjektet.

  • Studentar på mellombels lisens kan òg søkje gjennom mentorprosjektet.

  • Stryn kommune yter tilskot til dagpraksis.

Søknad sendast til postmottak@stryn.kommune.no Søknader vert vurderte fortløpande med fleksibel oppstart. Kontaktperson Stryn kommune:

Sigbjørn Rolandsen. Tlf. 57 87 47 13. Epost: sigbjorn.rolandsen@stryn.kommune.no

Kontaktperson for informasjon om veterinærpraksis:

Lasse Hjelle. Tlf. 906 62 969

Charlotte Haukaas. Tlf. 922 23 314

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4de2db46-5c5d-4df2-ae81-40e0ce49001c

Sist endret

4. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

452952609

Lignende annonser

Ferievikarar sommaren 2026 - Helse og omsorg

Arbeidsgiver

HELSE OG OMSORG, Stad kommune

Sted

Selje, Stadlandet, Nordfjordeid