Sommerjobb 2026. Slåttehjelp / Vedlikehold / Renhold / Gårdsarbeid
Museumssenteret i Hordaland
Bruvikvegen 264, 5286 Haus, Lurevegen 1575, 5912 Seim, Salhusvegen 201, 5107 Salhus
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb 2026. Slåttehjelp / Vedlikehald / (Handverkar) / Reinhald / Gardsarbeid
- Type ansettelse
- Sesong, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 20
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. mars
Om stillingen
Museumssenteret i Hordaland (MUHO) har omlag 20 ledige stillingar for sommarsesongen 2026. Hos oss får du vere med på å ta vare på kulturarven vår, gjennom praktisk og meiningsfullt arbeid.
Vi ser etter slåttearbeidarar og hjelpearbeidarar innan vedlikehald og reinhald i MUHO. Vi søkjer deg som trivst med fysisk arbeid. Hos oss får du høve til å jobba i eit unikt museumsmiljø, og bli ein del av ei kjekk og inkluderande arbeidsgruppe. Arbeidsoppgåvene er varierte og knytt til drift, vedlikehald og ivaretaking av kulturlandskap og historiske bygningar.
Vi ser særskild etter personar som er fleksible og kan tenkje seg å jobbe i fleire av våre avdelingar etter behov, og gjerne som tilkallingsvikar utenfor sesong. Spesifiser dette gjerne i søknaden.
Slåttehjelp
I denne stillinga får du moglegheit til å bidra til å ta vare på immateriell kulturarv gjennom tradisjonsrikt slåttearbeid som har blitt praktisert i generasjonar. Arbeidsoppgåvene inkluderer rake- og hesjing, ljåslått og høyberging. Vi treng òg nokon med erfaring frå bruk av tohjuls slåmaskin.
Havrå søkjer 17 slåttefolk for sesongen 2026. Arbeidsperioden vil vere i uke 25 til uke 29, med mogleg forlenging dersom slåtten tar lenger tid. Arbeidstida vil normalt vere kl.08.00-15.30, men ein må rekne med at det kan bli lengre dagar ved behov. Vi ønskjer at du kan arbeide fire til fem veker i perioden.
Vi søkjer deg som er i god fysisk form, uthaldande og har eit godt humør. Du vil arbeide i arbeidslag, der våre faste tilsette fungerer som arbeidsleiarar.
Vi ønskjer at nokon av slåttehjelparane òg kan vere guidar som tek med besøkjande på omvisingar. Det vil da vere aktuelt med ein kombinert stilling der ein òg har daglege omvisingar på Havrå. Spesifiser gjerne i søknaden om du har interesse for ei slik kombinert stilling. Vi ønskjer da at du kan delta på betalt opplæringsdato 04.mai. Omvisingar vil halde fram til midten av august, slik at arbeidsperioden kan verta forlenga.
Det er moglegheit for overnatting for lav kost på Havrå.
Oppstartsdagen for slått på Havrå er 15.juni eller 22.juni, og vi ønskjer at du er tilgjengeleg for oppstart ved satt dato.
Desse stillingane har krav om å vere fyllt 18 år, men sommaren 2026 vil det vere opne 1-2 hospitantstillingar for søkjarar mellom 16 og 18 år.
Bygg, drift og vedlikehald
Tekstilindustrimuseet søkjer 1-2 personar som likar praktisk arbeid med vedlikehald av bygningar både innvendig og utvendig. Oppgåvene inkluderer blant anna vasking, skraping og måling, kor noko arbeid vil bli utført frå stillas. Arbeidstida vil vere kl.08.00-15.30, og arbeidsperioden vil vere juni–august eller etter avtale.
Det er òg behov for ein eventuelt kombinert stilling, kor ein kan gå inn som skjøtselsarbeidar ved Lyngeheisenteret i ein periode på 1–2 veker. Arbeidet går ut på å halde landskap og område i god stand gjennom skjøtsel og vedlikehald.
Reinhald
Tekstilindustrimuseet søkjer ein effektiv og sjølvstendig medarbeidar til vask og reinhald. Stillinga har eit omfang på omlag 50%. Arbeidstid er normalt kl.08.00-15.30, tre til fire veker i juli. Det kan òg bli behov for tilkallingshjelp i samband med utleige og arrangement i helgar gjennom heile sommaren og utover hausten.
Kvalifikasjonar
- Er positiv, imøtekommande og løysingsorientert.
- Har interesse for museum og kulturarv.
- Erfaring frå tilsvarande stillingar er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Er i god fysisk form, då stillingane inneber fysisk arbeid.
- MUHO sine verdiar er likeverd, openheit, kompetanse og engasjement, og vi søkjar deg som kan identifisere deg med desse verdiane.
Krav
- Er fylt 18 år
- Unntak: sommaren 2026 vil det vere opne 1-2 hospitantstillingar for søkjarar mellom 16 og 18 år.
- Meistrar norsk og/eller engelsk flytande.
- Stillingane på Havrå: ein må kunne delta på oppstartsdato anten 15.juni eller 22.juni.
- Kombinert guidestilling på Havrå: opplæringsdato 04.mai.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i unike museumsmiljø.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Lønn etter tariff.
- Muligheit for vidare arbeid som tilkallingshjelp.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Du finn oss i:
- Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift.
Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.
Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
90bb3601-d4e0-45af-b59d-fef9670e4602
- Sist endret
11. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10282007
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Museumssenteret i Hordaland
Sted
Haus, Lonevåg, Seim, Salhus
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Sommarvikarar 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Miljøtenesta (helse). Sommarvikarar 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Dalsøyra