Sommarvikarar 2026
Gulen kommune
Gulafjordvegen 1521, 5960 Dalsøyra
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøtenesta (helse). Sommarvikarar 2026
- Type ansettelse
- Sesong, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 28. februar
Ynskjer du å vere sommarvikar ved miljøtenesta?
Ute er det kaldt, men me har begynt å tenkje på sommarturnusen;)Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2026 i Miljøtenesta. Eininga bistår brukarar i heile kommunen, men dei fleste brukarane bur på Dalsøyra. Søkjarane må skrive i søknaden frå/til-periode ein kan jobbe og om det er periodar ein ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar. Søkjarar som kan jobbe samanhengande/lengre periodar vil verte prioritert. I hovudsak er det snakk om arbeid i perioden: veke 25-33.
Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg.Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med søkjarar som har utdanning innen pleie og omsorg, sosialfag eller pedagogikk, men andre kan også søkje
- Det er ynskjeleg at søkjarane har førarkort klasse B
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8763779c-1d01-43a5-b0a6-b5bd3709449b
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278765
Lignende annonser
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Sommarvikarar 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Sommarvikarar Eigedomsforvaltning 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Sommarvikar sjukepl.studentar 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik