Hopp til innhold

Sommarvikarar

Arbeidsgiver

Helse og omsorg

Sted

5610 Øystese

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb 2026
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
60
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vil du vera sommarvikar hos oss i sommar?

Me treng sommarvikarar i perioden 15. juni - 09. august 2026.  

Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring.                                                                                                                                        Du vil samarbeida med- og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer. 

Sommarvikarane våre får felles informasjon før tiltreding. Du vert invitert til opplæring i mellom anna forflytning, etikk og andre praktiske tilhøve ved å arbeida i pleie- og omsorg.


Send oss nokre ord om deg sjølv og skriv i søknaden prioritert rekkefylgje kva type teneste og avdeling du ynskjer sommarjobb i. Du må også skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer.

NB! Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.

 

Me treng sommarvikarar på følgande stader:

> Tenester til heildøgns omsorg 
– me har institusjonar som Toloheimen og Øysteseheimen og heildøgns omsorgsbustader som Tolo omsorg, Mikkjelsflaten omsorg og Strandebarm omsorg.


> Tenester til menneske med utviklingshemming 
– me er organisert i tre grupper: bufellesskap Øystese, Kalhagen/ Tolo omsorg og Tolomarka omsorg og avlastning.


>Tenester til heimebuande 
– me treng ferievikarar ved korttidsavdelinga på Toloheimen (KRB), Kvam heimeteneste (heimesjukepleie), natt-tenesta (som gjev tenester til heimebuande, brukarar i institusjon og menneske med utviklingshemming) eller ved dagsenteret i Øystese,  som gjev aktivitetstilbod på dagtid.
 
Vil du vite meir om sommarjobb hos oss, sjå under Kontaktinformasjon i utlysinga og kontakt med leiar i den tenesta du ynskjer å jobba. 


Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon eller heildøgns omsorgsbustad, korttidsavdelinga, heimebuande, på natt og til menneske med utviklingshemming

Kvalifikasjonar

Sjukepleiar/sjukepleiarstudent

Vernepleiar/vernepleiarstudent

Helsefagarbeidar

Sosionom/barnevernspedagog (evt student)

Lærar (evt.student)

Barnhagelærar (evt. student)

Barne- og ungdomsarbeidar

Pleiemedarbeidar

Me prioriterer dei som:
Er over 18 år
Vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir
Har interesse for, og/eller erfaring frå omsorgsarbeid

Personar med førarkort klasse B.

NB! Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. 

Personlege eigenskapar

Serviceinnstilt og engasjert
Fleksibel og løysingsorientert
Likar utfordringar i arbeidet
Møte andre menneske på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull sommarjobb
  • Verdifull og nyttig arbeidserfaring
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Ekstra bonus til sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som forpliktar seg til arbeid i minimum 5 veker

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Kontaktinformasjon

Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215
Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, +47 992 74 317
Ingunn Kråkevik, Konstituert leiar for legetenesta og tenester til heimebuande, 45977148

Arbeidsstad

Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5056736065
Stillingsprosent: 100, 80%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ingunn Kråkevik

Konstituert leiar for legetenesta og tenester til heimebuande

45977148

Siw Waage Solvåg

Leiar for heildøgns omsorg

+47 992 74 317

Kjersti Soldal

Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming

948 86 215

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

90906b33-2d9d-4c28-9846-5af9b33fa3a2

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d53d976b0163481fae5dbf9af859c1ad

Lignende annonser