Avdeling Jetmundgarden har ledige stillingar.
Bu og aktivitetstenesta, Sula kommune
Jetmundgarden, 6030 Langevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Bu- og aktivitetstenesta- avdeling Jetmundgarden lyser ut faste stillingar.
- Oppstart
- 30. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 8
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men andre med relevant bachelorgrad vil og bli vurdert.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig: Jetmundgarden:
1 x 100 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
1 x 88 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
1 x 80 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
1 x 78 % fast stilling som autorisert helsefagarbeider.
Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.
Vikariat: ledig frå 30.03.26 til og med 31.12.26
2 x100% vikariat som miljøterapeut
95,5% vikariat som miljøterapeut
92% vikariat som miljøterapeut. Vikariatet er ledig til og med 16.08.26.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.
Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påverke arbeidstida di.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består i personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål.
- Ha evne til å sjå alle som individuelle menneske og fremje den enkelte sine ressursar.
- Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar.
- Hjelpe tenestemottakarane til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid
- Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakar ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling.
- Dagleg dokumentasjon og journalføring.
- Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
- Du skal følgje rutinar, miljøreglar og handlingskjede som er satt opp. Du kartleggjer, sett i verk tiltak og evaluerer.
- Du skal ha tett samarbeid med pårørande/verje.
- Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/ fysisk aktivitet.
- Primærkontakt for ein eller fleire av tenestemottakarane.
- Fagleg oppfølging, samt ansvar for opplæring av nytilsette og studentar.
Kvalifikasjonar
- I dei faste stillingane søkjer fortrinnsvis personar med gyldig autorisasjon som vernepleiar/ sjukepleiarar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning vil bli vurdert.
- Vi søkjer personar med autorisasjon som helsefagarbeider til 78% fast stilling.
- Til vikarstillingane søkjer vi personar som har 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning. Pedagogisk høgskuleutdanning kan bli vurdert.
- Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd vil verte føretrekt.
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
- Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
- Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
- Datakunnskap.
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort klasse B.
- Politiattest.
- Oppgje referanse.
Personlege eigenskapar
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
- Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress.
- Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan og rutinar.
- Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- Kompetanseheving og fagleg utvikling.
- Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- 20 års ansiennitetsstige.
- Vanleg kommunale tilsetjingsvilkår.
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
- Lokalt tillegg for helsepersonell.
- Lokalt tillegg for arbeid på helg.
Kontaktinformasjon
Camilla Vee, Einingsleiar, 95710251, camilla.vee@sula.kommune.noCaroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar, 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Jetmundgarden6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5055397040
Stillingsprosent: 100, 88, 80, 78, 95,5, 92%
Fast, Vikar
Startdato: 30.03.2026
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
908f163e-46da-416b-93ba-75530b7d580e
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
35a6e539d7124456b7c481fd88558040
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Arbeidsgiver
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Sted
Ørskog
Ferievikarar 2025 -Omsorgstenesta i Sula kommune
Arbeidsgiver
Sula kommune
Sted
Langevåg