Leiarrolla du har venta på -- bli vår nye Økonomi Leiar!
Avery Dennison NTP AS
Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne
Om jobben
- Stillingstittel
- Finance Head
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Her er sjansen for deg som vil meir enn å berre halde styr på tal. Vi treng ein strategisk og operativ økonomileiar som vil spele ei nøkkelrolle i leiinga, drive utvikling, og vere ein ekte businesspartner -- frå dagleg drift til framtidsretta planlegging.
💼 Dette får du jobbe med:
-
Full kontroll på P&L, budsjett, rapportering og prognosar
-
Leie og utvikle økonomiavdelinga i Noreg
-
Vere tett på forretninga -- og tett på beslutningane
-
Spele ei sentral rolle i strategiarbeid og vekst
🚀 Kven er du?
-
Har solid erfaring innan økonomi, controlling og leiing
-
Har utdanning innan rekneskap/økonomi -- gjerne master
-
Elskar struktur, system og samarbeid
-
Er trygg på både norsk og engelsk -- og på å ta plass
🔍 Du kjenner deg igjen i ord som:
Strategisk. Proaktiv. Analytisk. Framoverlent.
🌍Fridom og fleksibilitet: Vi trur på tillit. Hjå oss får du fridom til å styre din eigen kvardag med heimekontor og oppmøte på kontoret ei veke i månaden.
📩 Søk i dag og bli med på ei reise der du får påverke -- lokalt og globalt.
Om bedriften
Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapets teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med produksjon i over 50 land og med meir enn over 36 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar.
Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportsklede, arbeidsklede og andre profilerte artiklar. Fabrikken er lokalisert 30 minutt frå Sogndal, omringa av flott natur med unike moglegheitar for friluftsliv. Det er her me har utviklet teknologi og produsert transfers i over 35 år. Våre 180 tilsette, fordelt over heile 24 ulike nasjonalitetar, leverer produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Avery Dennison NTP var tidleg ute med digitalisering, og har dei siste 15 åra fokusert hardt på utvikling av eigne datasystem til både tilsette og våre kundar. Det har gjeve oss et stort konkurransefortrinn, og det har bidratt stort til å lande store kundar som Premier League, Real Madrid, Liverpool FC med flere. Me sel no like mykje til den utanlandske marknaden som me sel til den norske.
Les meir på www.ntp.no og www.averydennison.com.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
901da2aa-d3bc-42bc-b60b-70ee94ae946f
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
449172139
Lignende annonser
Kommunedirektør
Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Sted
Sogndal
Statsautorisert revisor
Arbeidsgiver
Revisorgruppen Fjordane AS
Sted
Vestland, Oslo, Bergen, Akershus, Asker
Lageransvarlig
Arbeidsgiver
Håvik As Avd Førde
Sted
Sunnfjord, Vestland