Ledig stilling vikarlærar for skuleåret 25/26
Vågåmo Skule
Vågå
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærer
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. februar
Stillingsstorleik inntil 100%, kan vere aktuelt med fleire vikariat i ulike storleikar.
Oppstart snarast mogleg og til skuleslutt 19.juni 2026.
Vi søkjer engasjerte og dyktige lærarar som brenn for elevane si læring og trivsel. Som lærar hjå oss vil du bidra til å skape eit trygt, inkluderande og motiverande skulemiljø for alle elevar.
Arbeidsoppgåver:-
Planlegge og gjennomføre variert og fagleg forankra undervisning.
-
Samarbeid med kollegaer om undervisning og aktivitetar.
-
Kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon.
-
Delta aktivt i utviklingsarbeid og fagleg oppdatering.
-
Pedagogisk utdanning for å bli tilsett i lærarstilling, anna kompetanse kan blir vurdert.
-
Erfaring frå barnesteget er ønskjeleg, men ikkje krav.
-
Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
-
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
-
Du er varm, inkluderande og ser den enkelte.
-
Du utøver tydeleg klasseleiing og har gode didaktiske ferdigheiter som fremjar elevane si læring.
-
Du har god samarbeidsevne, samt du kan arbeide sjølvstendig.
-
Du er stabil og robust, og har evne til å handtere utagerande åtferd, stress og uforutsette hendingar på ein trygg og profesjonell måte.
-
Du har høg arbeidskapasitet.
For spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med:
Rektor Anita Hølmo på tlf: 481 57 063 eller e-post: anita.holmo@vaga.kommune.no
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågåmo skule er ein 1.-7.skule og skuleåret 2023-2024 er det 227 elevar her.
Hovudmålet i grunnskulen i Vågå er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
901caa9f-f2dc-4467-8a8f-79bb6331cbb0
- Sist endret
21. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
901caa9f-f2dc-4467-8a8f-79bb6331cbb0
Lignende annonser
Helsesekretær
Arbeidsgiver
Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
Sted
Vågå
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Sted
Vågå
Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Utdanning og kultur
Sted
Vang i Valdres