Hopp til innhold

Driftsoperatør

Arbeidsgiver

EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune

Sted

Naustdalsvegen 12, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Driftsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 9. april

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga har ansvar for å ta vare på fylkeskommunen si byggherrefunksjon, og for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Den samla eigedomsmassen utgjer om lag 800 000 m², og omfatter vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivknutepunkt, kulturbygg og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette. Av desse er om lag 40 tilsette ved kontoret i Bergen.
Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Førde vidaregåande skule. Skulen ligg sentralt plassert i Førde sentrum og har om lag 1000 elevar, med eit aktivt og inkluderande skulemiljø. Skulebygget omfatter om lag 30.000 kvadratmeter og er tilknytt både fjernvarme og fjernkjøling.
Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.
Den som vert tilsett, vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg.
Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg
  • Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt
  • Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen
  • Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga
  • Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga
  • Vera eigedom sin brannvernleiar, opplæring vil bli gitt
  • Andre oppgåver knytt til drifta

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som byggdriftar, røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant handverksbakgrunn
  • Lang erfaring innan fagområdet kan kompensera for fagbrev
  • Kunnskap om tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg
  • Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen og skulen
  • God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy for FDV og systematisk vedlikehald
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for faglig utvikling
  • Organisering av eigen arbeidskvardag
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Jan Ove Gjermundstad, områdeleiar, 41530900
Nils Endre Grønås, seksjonssjef, 98210310

Arbeidsstad

Naustdalsvegen 12
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5099504126
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Nils Endre Grønås

seksjonssjef

98210310

Jan Ove Gjermundstad

områdeleiar

41530900

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8fd3fdef-ea25-407e-bf57-91991fdd3c80

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8aeebd6ee47144ebb7d188ed8b73a435

Lignende annonser

Laster lignende annonser